Det går visst rundt for meg i dag
I helga var eg innom ein quiltebutikk og der eg såg ein artig sak som eg berre måtte prøve å sy.
Først fekk eg tak i eit nylontau, 4mm tjukt.
Så kutta eg stoffet i strimler 48 grader på trådretninga, ca 2,5 cm breidde.
Her ligg strimlane klar til sying
Strimlane vart surra rundt tauet og midlertidig festa med knappenål.
Ikkje så godt å sjå, men her har eg så vidt begynt å kveile det stoffkledde tauet rundt seg sjølv. Så langt kom eg før nåla knakk. Bytta til ei lærnål eg har hatt liggande, og då fungerte det heilt fint til prosjektet var ferdig.
Her har eg sydd det som blir botnen. Taukveilane er sydd saman med sikksakksøm. Eg har brukt sikksakk som har tre sting i breidda. Det går heilt sikkert fint med vanleg sikksakk, men eg innbiller meg at saumen visuelt vert meir dominerande.
Sånn ser det ferdige prosjektet ut. Perfekt Twist-skål 🙂
Eg er litt usikker på om eg syntest den vart særleg pen. Fargevalget er litt slurvete, for eg har brukt stoff som eg har lite att av, for å bruke opp litt smårestar.