Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Det går visst rundt for meg i dag

          I helga var eg innom ein quiltebutikk og der eg såg ein artig sak som eg berre måtte prøve å sy.

                                            Først fekk eg tak i eit nylontau, 4mm tjukt.

                         Så kutta eg stoffet i strimler 48 grader på trådretninga, ca 2,5 cm breidde.

                                                  Her ligg strimlane klar til sying

                             Strimlane vart surra rundt tauet og midlertidig festa med knappenål.

Ikkje så godt å sjå, men her har eg så vidt begynt å kveile det stoffkledde tauet rundt seg sjølv. Så langt kom eg før nåla knakk. Bytta til ei lærnål eg har hatt liggande, og då fungerte det heilt fint til prosjektet var ferdig.

Her har eg sydd det som blir botnen. Taukveilane er sydd saman med sikksakksøm. Eg har brukt sikksakk som har tre sting i breidda. Det går heilt sikkert fint med vanleg sikksakk, men eg innbiller meg at saumen visuelt vert meir dominerande.

                                  Sånn ser det ferdige prosjektet ut. Perfekt Twist-skål 🙂

Eg er litt usikker på om eg syntest den vart særleg pen. Fargevalget er litt slurvete, for eg har brukt stoff som eg har lite att av, for å bruke opp litt smårestar.

Advertisements

oktober 1, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

7 kommentarar »

  1. Jeg har også tenkt på å prøve det noen ganger, må kanskje gjør det snart.

    Kommentar av Rita R | oktober 1, 2008 | Svar

  2. Den var da fin!.
    Perfekt til oppbevaring og sortering av ymse slag. Twist som du sier, men også sneller, knapper, sytråd, strikk osv..

    Kommentar av Marit -Juni | oktober 1, 2008 | Svar

  3. Jøss, det ble en skikkelig artig bolle 🙂

    Kommentar av Elisabeth | oktober 1, 2008 | Svar

  4. Jøss! Så artig! Synes den ble stilig, jeg. Virkelig kreativt!

    Kommentar av hobbymegher.blogspot.com | oktober 1, 2008 | Svar

  5. Veldig artig prosjekt med den skåla. Du er flink!

    Kommentar av Herdis | oktober 2, 2008 | Svar

  6. Det var no ei artige skål ditta Elin 🙂
    Du e ei kreative sjel.

    Kommentar av Mariann S | oktober 2, 2008 | Svar

  7. Eg skal slett ikkje ha æra for å være den kreative her. Eg såg dette på ein butikk, og gjorde det samme. Artig at dåkke likte det, forresten 🙂

    Kommentar av eling | oktober 2, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: