Gjest nr 10000?
I skrivande stund står teljaren min på 9972 besøkande. Det betyr at før dagen er omme, kjem gjest nr 10000 innom 🙂 . Eg må innrømme at då eg oppretta bloggen, så hadde eg slett ikkje forhåpningar om at så mange skulle stikke innom her regelmessig. At så mange av dåkke kjem innom gong på gong, tek eg som eit teikn på at dåkke trivast her. Ekstra kjekt er det når du legg att ein liten kommentar, ikkje nødvendigvis for å skryte, men også berre for å seie hei. Ein ting er i alle fall sikkert: det er ikkje mykje morro å sitte her å blogge viss ingen stikk innom, så dåkke kan være trygg på at eg set pris på og gledar meg over besøket dåkka!
I helga har eg vore med på eit sy-mysterium i denne bloggen. Elisabeth Augusta la ut ei trinnvis oppskrift i bloggen sin, så kunne ein åpne det bit for bit etter kvart som ein kom framover i arbeidet.
Trinn 1: Kutting av bitane. Nokre bitar vart lagt til sides for å bli brukt til ramme til slutt.
Trinn 2 og 3: Samansying delane til større kvadrat.
Trinn 4: pusle saman blokkane slik ein ynskjer at dei skal syast saman.
Trinn 5: Pusle saman dei resterande bitane til ramme rundt.
Og slik vart det til slutt. Ein nett liten juleduk vart det for min del.
Denne løparen er lik den løparen eg skreiv om her. Dei to dukane vart laga samtidig, men sidan den eine var ein presang måtte eg vente med å legge den ut her.