Ikkje gje opp…det blir nok bra til slutt….
Jepp, av og til må eg berre klø meg i hovudet. Nokre prosjekt vil liksom ikkje heilt vere med på morroa. Har prøvd å sy ei bukse til guttungen, men det vart misslykka.
så no ligge brokja slik… Har tatt av linninga og glidelåsen, og skal klippe av litt, og feste linninga ca 5 cm lavare. Det er ikkje særleg morro å ta igjen misslykka prosjekt, så eg bør vel prøve å gjere det ferdig så snart som råd, ellers vert vel buksedelane liggande i ei skuff til guttungen er voksen…..
Sidan eg hadde kjøpt alt for mykje stoff til kjolen til dattera mi for litt sidan, så var der nok til både ein og to små kjolar. Her er ein eg har sydd til niesa mi i dag.
Nederste delen av kjolen er falda, medan øverste delen er heilt enkel.
Heller ikkje dette prosjektet gjekk heilt etter planen. Først klarar eg å klippe feil, slik at det blir eit bakstykke og to halve framstykker…det skulle være omvendt… Så tar eg mønsteret til forstykket og legg på det utklipte bakstykket. På grunn av at det er litt større, kan eg klippe ut eit nytt forstykke av det….men så gløymer eg sømrom nederst. Så må det klippast heilt nye deler – jammen godt eg har kjøpt mykje stoff… Så sydde eg på dei falda delane nederst før eg sydde i foret, det førte til at eg ikkje kunne vrangsy foret, fordi dei to øvre bakdelane vart sydd saman. Fram med sprettekniven….
Det er altså berre å stå på, før eller seinare vert prosjektet ferdig 😉
Uff ja, å rette oppatt feil er vel det verste med handarbeid 😉
Men du er no flink iallefall 🙂
Gleder meg til å buksa….Kjolen ble flott:-)
Ha en strålende søndag
Kjedelig når ting ikke går som man vil. Godt du ikke gir opp! 🙂
Så fin kjole du har sydd!
Nydelig kjole, og jeg kjenner igjen det med å la ting hvile litt.
Quitters newer win and winners newer quit!
(spennende å følge med her!)
Siste kommentar minnar meg om eit ordtak eg har brukt mykje:
«Ingenting er umulig, det umulige tek berre litt lenger tid.»