Årets første snø
Det vart mørke bilder i dag, men skulle det bli bilder av årets første snø, måtte det skje tidleg på morrakvisten før eg reiste på jobb. Det blir nesten julestemning av dei skinnande snøfnugga som dalar ned i mørket.
Ellers har vinden som herja i helga jobba godt med hagen. Clematisane mine må nok få seg nye klatrestativ til våren. Desse klatrestativa er nok berre å hive på søppeldynga.
Ikkje fullt så kjekt å vise hagebilder no som tidlegare i sesongen 😉
Eg vart tatt skikkelig på senga i dag tidlig :),
10 cm snø og sommardekk. Måtte ei ringerunde til før eg fikk tak i noken som kunne frakte meg på jobb 😉
Men no er vinterdekka på.
Men eg klarer liksom ikkje å sjå sjarmen i snø og minusgrader allerede no eg… brrrrr.
Ha ei fin veke 🙂
Oisann, då… her var det vel berre 10mm, og vekke var det før eg visste ordet av det…. Den kjem nok og går igjen mange gongar før vi kan leite fram skia, tenkjer eg 🙂
Her ligg fremdeles snøen og det er ca 2-3 minus.
Det skal vere sol og kaldt nokre dagar.
Hageslangen skal eg ta inn når snøen fær 😉
Hyggelig blogg du har. Jeg syr ikke selv for tida, men moro å se på dine prosjekter.
Ja, vinden knuste glassplata i utebordet vårt. Tusenvis av glasskår utover plattingen. Blir nok snart mildt igjen, men godt med ei pause i alt regnet!
Oi, det var heftig.
Heisann. Innom for å ønske deg ei fin helg 🙂
Her på Sandane merka vi ikkje vinden/stormen i det heile tatt…..