Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hurra eg vant!

juleavslutning-hagelaget-08-014 

Denne vakre buketten med lilla tulipanar, edelgran, blåbærlyng og ein liten lilla sommarfugl vann eg på hagelaget sin juleavslutning torsdag. Vi hadde ei koseleg avslutning med gløgg, kaffi og noko å bite i. Ein av medlemmane våre driv blomsterforretning, og lagar dei mest fantastiske oppsatsar.  Ho viste ho oss andre korleis vi med enkle grep kunne lage flotte dekorasjonar for å pynte til jul og advent. Under finn du fleire bilder av noko av det ho laga.

juleavslutning-hagelaget-08-008 

juleavslutning-hagelaget-08-009 

juleavslutning-hagelaget-08-0051 

juleavslutning-hagelaget-08-012 

Ha ein fortsatt fin søndag 🙂 !

Reklame

november 30, 2008 Posted by | Hage | 4 kommentarar

Hobbyrom planer

No er det altfor lenge sidan eg har oppdatert her. Best å passe seg så ikkje alle dåkke som er innom går lei av å sjekke bloggen min 😉 . Det har sin naturlege forklaring at det blir lite blogging.  Eg har rett og slett ikkje hatt så mykje tid til hobby i det siste. Det blir bittelitt strikking innimellom, men det kjem eg tilbake til når eg har ferdig prosjekt å vise dåkke.

Så for å kunne skrive noko hobbyrelatert i dag, har eg prøvd å scanne inn planane mine for det nye hobbyrommet mitt. Gubben skal legge tak, men først må der plasserast lyspunkt og stikkontakter. Det er neimenn ikkje noken enkel sak å bestemme seg for kor ein skal plassere dei elektriske dippeduttane.  Har prøvd å bruke IKEA sin kitchen-planner, slik at eg får ein slags plan over korleis eg vil ha det.  Problemet er at eg heile tida ombestemmer meg….

ccf25112008_00000 Her er rommet vist frå to ulike vinklar. Desverre er det svake fargar på ein del, så det vart ikkje veldig bra når eg scanna det inn.  Klikk på bildet, så vert det lettare å sjå.

Eg tenkjer meg ein fast arbeidsplass framfor vindauget. Der vil det bli plass for symaskin, og på kvar side av arbeidsplassen er det skuffer med plass til det meste ein har behov for dagleg.  På motsett side av rommet vil eg ha eit heimelaga bord, som til dagleg skal stå inntil veggen. Dette skal ha ei bordplate som kan løftast opp på baksida. På den måten kan eg dra fram bordet og lage eit breidt og godt arbeidsbord når eg har behov for det. Under bordet står tre mindre skuffeseksjonar på hjul, slik at dei kan flyttast når det er behov for det.

Er det ein god plan, eller?  Kom gjerne med gode tips!

november 25, 2008 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | 5 kommentarar

Status for påbygget vårt

Har fått ein del spørsmål frå venner og bekjente, som meiner det er påkrevd med oppdatering av påbygningsprosjektet vårt. I dag er stillaset som har vore rundt tatt ned, så då vart det litt kjekkare å vise fram enn det har vore før. Forrige gong eg blogga noko om prosjektet såg det slik ut.

pabygg-009 Her er inngangspartiet. Det skal selvfølgelig komme ei litt kjekkare dør før vi er ferdige, men foreløpig duger denne til å holde vind og minusgrader ute. Trappa er eg litt kry av, den vart ganske så pen igrunn. Den er ikkje ferdig, det blir fleire trinn innmed husveggen nedover den bratte skråninga, men vi grublar fortsatt på korleis vi skal få til ei fin avslutning.

pabygg-012 Her er påbygget sett frå motsett side. Døra går inn til det nye kjøkenet. Nytt hobbyrom blir der det er eit vindauge for seg sjølv. Resten av huset vil få samme sort vindauge som påbygget har. Av og til lurar eg på om vi har valgt for små vindauge, men eg satsar på at når bordkledning og listverk er på plass, så blir det nok bra. Takterassen blir heilt skjerma, og der vil vi kunne nyte kveldsola i fred og ro (i den grad her er sol her på Nordvestlandet……).

hobbyshopping-nov-001 Ja, det er visst ein hobbyblogg, så alibiet mitt for å blogge i dag er at eg har vore på shopping. Blada er det rett nok nokre dagar sidan eg kjøpte, men stoff og strikkepinnar er dagens fangst. Symaskina mi er på service, så sying blir det ikkje enno. Sidan eg vaskar alle stoffa før bruk, så er dei foreløpig her.  I påvente av at symaskina skal bli klar, kjøpte eg bambusstrikkepinnar. Kva dei skal brukast til får dåkke sjå seinare.

november 12, 2008 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | 7 kommentarar

Limeisparfait på peanøttbunn…..

Les meir

november 7, 2008 Posted by | Diverse | 5 kommentarar

Litt av kvart småplukk i dag

Eg har vel klart å gløyme å fortelje at eg har vore på lappekurs. Desverre var det arbeidshelga mi, så eg fekk berre med meg ein av dei to kursdagane. Det førte selvfølgelig til at det berre vart prøvelappar for min del.

Kurshaldar var Patricia Iden. Ei flott dame som virkelig kunne handtere symaskina si. Det vi skulle lære var stitchery på maskin. Fru Iden hadde med seg modellar som ho hadde laga, og det var virkelig nokre praktverk.

 

Desverre gløymde eg å spørre om eg kunne legge ut bilder av verka hennar, så dåkke får nøye dåkke med mine «praktverk»   

Desverre har ikkje det blitt noko sying etter kurset, men eg skal nok prøve meg meir på dette. Det var virkelig artig!

Det eg har sysla med for tida er strikking. Det er så greit å styre med når ein har venner på kaffe, eller ein ventar i ferjekøa…

 

Desse garnnøsta skal bli til stjernehalsar. Oppskrifta har eg funne i bloggen til Felisi.

Det er fleire enn meg som strikkar for tida. Bilda under viser noko av det mamma har laga i det siste. Dette er sokkar og vottar som ungane fekk når vi var på besøk i dag. Vottane er tova, så dei er nok skikkelig varme og gode. Reine julekvelden ditta    

 

november 2, 2008 Posted by | Diverse, Handarbeid, Lappeteknikk | 12 kommentarar