Limeisparfait på peanøttbunn…..
…. og allverdens delikatesser fekk vi servert på Klækken hotell. Eg trur aldri eg har fått servert så mykje god mat!
Her er menyen for den eine dagen:
Forrett: Pikant ørrettartar på eggenudler, fersk grønn asparges og mango-/chilidipping
Hovudrett: Heilsteikt okseindrefilet med peppersaus, fløytegratinerte poteter og ratatoulille
Dessert: Limeisparfait på peanøttbunn, kakaotrøfler og bringebærsorbet.
Eg kan love dåkke at kjøttbollane eg kjøpte til middag på IKEA den dagen eg reiste heim var ein gedigen nedtur.
Grunnen til hotellopphaldet var at eg hadde meldt meg på eit kurs i bruddbehandling for operasjonssjukepleiarar. Det vart tre intense dagar med intense forelesningar, tidvis avbrutt av praktiske øvingar og virkelig storslåtte måltid.
Her har eg fixert eit brot ved hjelp av plater og skruar.
Margnagling i eit lårbein.
Ekstern fiksasjon av ankelbrudd.
No er eg vel heime, og det er frihelg, så forhåpentligvis god tid til å setje meg med symaskina igjen. No har eg ein del uferdige prosjekt og i tillegg tillegg til det har eg mange prosjekt klar til å starte på. Best å henge i litt, det hopar seg visst opp på hobbyfronten.
God helg, folkens!
God helg til deg og.
KOs deg med frihelg og sying 🙂
Eg helde på med en adventskalendar no.
Maten på Klækken er helt fenomenal. Og jeg må si meg enig i at det samme ikke kan sies om kjøttbollene fra Ikea, nei.
Ha en fortsatt trivelig helg.
Ååå, eg er full av beundring for folk som orkar og greier å drive med sånne sjukepleiegreier. Godt at de finst! Håper du får ei fin helg med mykje hyggeleg syarbeid, Elin!
Sånne sjukepleiegreier som eg driv med er kjekt, Herdis. Der er mange andre former for sjukepleie eg hadde hatt større problemer med å like…
Syarbeidet denne helga går desverre i vasken, for eg leverte symaskina på reparasjon før eg reiste på tur. Skulle hente den i dag, men den var selvfølgelig ikkje ferdig 😦
Ehhh.. tror jeg skal holde meg unna deg om jeg ser skruer og muttre i hendene dine. Ha en flott helg 🙂