Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Status for påbygget vårt

Har fått ein del spørsmål frå venner og bekjente, som meiner det er påkrevd med oppdatering av påbygningsprosjektet vårt. I dag er stillaset som har vore rundt tatt ned, så då vart det litt kjekkare å vise fram enn det har vore før. Forrige gong eg blogga noko om prosjektet såg det slik ut.

pabygg-009 Her er inngangspartiet. Det skal selvfølgelig komme ei litt kjekkare dør før vi er ferdige, men foreløpig duger denne til å holde vind og minusgrader ute. Trappa er eg litt kry av, den vart ganske så pen igrunn. Den er ikkje ferdig, det blir fleire trinn innmed husveggen nedover den bratte skråninga, men vi grublar fortsatt på korleis vi skal få til ei fin avslutning.

pabygg-012 Her er påbygget sett frå motsett side. Døra går inn til det nye kjøkenet. Nytt hobbyrom blir der det er eit vindauge for seg sjølv. Resten av huset vil få samme sort vindauge som påbygget har. Av og til lurar eg på om vi har valgt for små vindauge, men eg satsar på at når bordkledning og listverk er på plass, så blir det nok bra. Takterassen blir heilt skjerma, og der vil vi kunne nyte kveldsola i fred og ro (i den grad her er sol her på Nordvestlandet……).

hobbyshopping-nov-001 Ja, det er visst ein hobbyblogg, så alibiet mitt for å blogge i dag er at eg har vore på shopping. Blada er det rett nok nokre dagar sidan eg kjøpte, men stoff og strikkepinnar er dagens fangst. Symaskina mi er på service, så sying blir det ikkje enno. Sidan eg vaskar alle stoffa før bruk, så er dei foreløpig her.  I påvente av at symaskina skal bli klar, kjøpte eg bambusstrikkepinnar. Kva dei skal brukast til får dåkke sjå seinare.

november 12, 2008 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | 7 kommentarar