Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hobbyrom planer

No er det altfor lenge sidan eg har oppdatert her. Best å passe seg så ikkje alle dåkke som er innom går lei av å sjekke bloggen min 😉 . Det har sin naturlege forklaring at det blir lite blogging.  Eg har rett og slett ikkje hatt så mykje tid til hobby i det siste. Det blir bittelitt strikking innimellom, men det kjem eg tilbake til når eg har ferdig prosjekt å vise dåkke.

Så for å kunne skrive noko hobbyrelatert i dag, har eg prøvd å scanne inn planane mine for det nye hobbyrommet mitt. Gubben skal legge tak, men først må der plasserast lyspunkt og stikkontakter. Det er neimenn ikkje noken enkel sak å bestemme seg for kor ein skal plassere dei elektriske dippeduttane.  Har prøvd å bruke IKEA sin kitchen-planner, slik at eg får ein slags plan over korleis eg vil ha det.  Problemet er at eg heile tida ombestemmer meg….

ccf25112008_00000 Her er rommet vist frå to ulike vinklar. Desverre er det svake fargar på ein del, så det vart ikkje veldig bra når eg scanna det inn.  Klikk på bildet, så vert det lettare å sjå.

Eg tenkjer meg ein fast arbeidsplass framfor vindauget. Der vil det bli plass for symaskin, og på kvar side av arbeidsplassen er det skuffer med plass til det meste ein har behov for dagleg.  På motsett side av rommet vil eg ha eit heimelaga bord, som til dagleg skal stå inntil veggen. Dette skal ha ei bordplate som kan løftast opp på baksida. På den måten kan eg dra fram bordet og lage eit breidt og godt arbeidsbord når eg har behov for det. Under bordet står tre mindre skuffeseksjonar på hjul, slik at dei kan flyttast når det er behov for det.

Er det ein god plan, eller?  Kom gjerne med gode tips!

november 25, 2008 Posted by | Diverse, Interiør/oppussing | 5 kommentarar