Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hobbyrom planer

No er det altfor lenge sidan eg har oppdatert her. Best å passe seg så ikkje alle dåkke som er innom går lei av å sjekke bloggen min 😉 . Det har sin naturlege forklaring at det blir lite blogging.  Eg har rett og slett ikkje hatt så mykje tid til hobby i det siste. Det blir bittelitt strikking innimellom, men det kjem eg tilbake til når eg har ferdig prosjekt å vise dåkke.

Så for å kunne skrive noko hobbyrelatert i dag, har eg prøvd å scanne inn planane mine for det nye hobbyrommet mitt. Gubben skal legge tak, men først må der plasserast lyspunkt og stikkontakter. Det er neimenn ikkje noken enkel sak å bestemme seg for kor ein skal plassere dei elektriske dippeduttane.  Har prøvd å bruke IKEA sin kitchen-planner, slik at eg får ein slags plan over korleis eg vil ha det.  Problemet er at eg heile tida ombestemmer meg….

ccf25112008_00000 Her er rommet vist frå to ulike vinklar. Desverre er det svake fargar på ein del, så det vart ikkje veldig bra når eg scanna det inn.  Klikk på bildet, så vert det lettare å sjå.

Eg tenkjer meg ein fast arbeidsplass framfor vindauget. Der vil det bli plass for symaskin, og på kvar side av arbeidsplassen er det skuffer med plass til det meste ein har behov for dagleg.  På motsett side av rommet vil eg ha eit heimelaga bord, som til dagleg skal stå inntil veggen. Dette skal ha ei bordplate som kan løftast opp på baksida. På den måten kan eg dra fram bordet og lage eit breidt og godt arbeidsbord når eg har behov for det. Under bordet står tre mindre skuffeseksjonar på hjul, slik at dei kan flyttast når det er behov for det.

Er det ein god plan, eller?  Kom gjerne med gode tips!

Advertisements

november 25, 2008 - Posted by | Diverse, Interiør/oppussing

5 kommentarar »

  1. kjekt med god hobbyplass.
    Dersom du vet hvor symaskin blir stående, er det kjekt med stikk. rett over pulten. Da slipper du å krype rundt på gulvet.
    Jeg har 4 doble over benkeplaten på bordet, skulle hatt enda flere.
    Lykke til med bygging.

    Kommentar av Rita R | november 26, 2008 | Svar

  2. Jasså, lite med fire doble… Eg kan jo legge ei rad med doble under overskapet, det vil ikkje vise for andre enn meg som sit ved maskina. Kva brukar ein så mange til ved symaskina? Lamper og strykejern får egne strømuttak andre stader…. meir å gruble på…

    Kommentar av eling | november 26, 2008 | Svar

  3. Jaså, so du e her ja 😉
    Ser kjempeflott ut hobbyrommet ditt.
    Kan ikkje gi noken gode råd,
    eg har symaskina mi på kjøkkenbordet 😉
    Blir aldri så lite misunnelig….

    Kommentar av Mariann S | november 26, 2008 | Svar

  4. Er det berre meg som ikke likar tanken på å sitte å arbeide rett mot vindauget? Stritt for augene. Var med på ein arbeidsplasstilrettelegging en gang og lærte dette prinsippet. Du burde kanskje hatt eit hev-senk bord/arbeidsplass. Dette har vi fått på jobben og det er veldig bra.

    Får vi sjå nye-kjøkenet også…..?

    Kommentar av Heidi S | desember 13, 2008 | Svar

  5. Noverande arbeidsplass er ved vindauget, og det er mulig eg hadde fått auka produksjonen viss eg ikkje hadde sett ut. Det blir til at eg sit mykje og kikkar ut…likar å drøyme meg vekk, skjønnar du 😉

    Dei to arbeidsbenkane har ulik høgde, slik at eg nyttar det høge når det er behov for det, og den ved vindauget når eg skal sitje å jobbe. Då slepp eg jo å heve og senke etter behov 🙂

    Kjøkkenet? Hmm… følg med, følg med…..kanskje….

    Kommentar av eling | desember 18, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: