Kremmerhus og ekle vottar
Slutten på første adventsveka nærmar seg med stormskritt. Tida går like fort som den alltid gjer i desember, av ein eller annan grunn. Derfor blir det litt smått på hobbyfronten. Det i vesle eg har sydd i det siste kjem frå boka Tildas julehus av Tone Finnanger. Ei skikkelig godbok!
Eg starta med desse kremmerhusa, skikkelig søte og gammaldagse. Hadde berre nok band til to av dei, så eg måtte ut på shopping i dag, slik at eg kan få fullført prosjektet. På butikken såg eg eit par slike, men dei var sydd med tjukkare vatt inni. Dei heldt betre på fasongen og var mykje finare enn mine. Neste gong brukar eg også fyldigare vatt.
Deretter forsøkte eg meg på slike vottar.
Tja, sånn vart mine….. Berre så vidt eg fekk dei på meg, til tross for at eg sydde voksen størrelse. Ikkje var dei gode å ha på hendene heller, så eg gidd ikkje å sy pynt på dei. Eg vart nok litt skuffa, for på bildet i boka såg dei så deilige ut.
Så må dåkke ha ei retteleg god helg, folkens!