Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Kremmerhus og ekle vottar

Slutten på første adventsveka nærmar seg med stormskritt. Tida går like fort som den alltid gjer i desember, av ein eller annan grunn. Derfor blir det litt smått på hobbyfronten. Det i vesle eg har sydd i det siste kjem frå boka Tildas julehus av Tone Finnanger. Ei skikkelig godbok!

tilda-007

tilda-003

Eg starta med desse kremmerhusa, skikkelig søte og gammaldagse. Hadde berre nok band til to av dei, så eg måtte ut på shopping i dag, slik at eg kan få fullført prosjektet. På butikken såg eg eit par slike, men dei var sydd med tjukkare vatt inni. Dei heldt betre på fasongen og var mykje finare enn mine. Neste gong brukar eg også fyldigare vatt.

 tilda-008 

Deretter forsøkte eg meg på slike vottar.

tilda-009

Tja, sånn vart mine….. Berre så vidt eg fekk dei på meg, til tross for at eg sydde voksen størrelse. Ikkje var dei gode å ha på hendene heller, så eg gidd ikkje å sy pynt på dei. Eg vart nok litt skuffa, for på bildet i boka såg dei så deilige ut.

Så må dåkke ha ei retteleg god helg, folkens!

 

Advertisements

desember 5, 2008 - Posted by | Lappeteknikk

6 kommentarar »

  1. Fine kremmarhus 🙂
    God helg til deg og Elin.

    Kommentar av Mariann S | desember 5, 2008 | Svar

  2. Jeg synes kremmerhusene dine var aldeles nydelige jeg:-)

    Kommentar av Ellea | desember 6, 2008 | Svar

  3. Syntes Tildas julehus er en hyggelig bog som jeg også nyder at kikke i, flotte kræmmerhuse du har fået lavet, her bliver der ikke syet så meget lige nu, du må ha en hyggelig adventstid.

    Kommentar av AnniP | desember 8, 2008 | Svar

  4. Hei! Du burde prøve igjen, for de vottene ER virkelig fine og gode å ha på også 🙂 Husket du å legge til sømrom på mønsteret? Ellers blir de litt små…jeg taler av erfaring….

    Kommentar av Anette | desember 9, 2008 | Svar

  5. Ja, Anette, eg hadde sømrom, men kanskje eg skulle finne eit mjukare og meir elastisk ullstoff. Eg brukte ein rest eg hadde….hmmm..enno ein god grunn til litt ekstra juleshopping.. 😉
    Takk for gode tips!

    Kommentar av eling | desember 9, 2008 | Svar

  6. Så koselig det var med litt snø her inne.
    Vottene så fine ut, men det hjelper vel ikke?
    Får ikke sydd så mye jeg, men håper å komme stekere tilbake over jul

    Kommentar av Juni | desember 9, 2008 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: