Utfordring frå Snuffeldyret og smgj
Eg har fått ei utfordring i bloggen til Snuffeldyret og Smgj Dette blei ei skikkelig utfordring også, for eg har etter mykje sommel endelig somla meg til å tømme HEILE bildebanken i pc’en. Eg har til og med vore så flink at eg har sletta alle bilder som er tekne for bruk i bloggen, i og med at dei vert lagra i WordPress, så eg har ingen av dei heller.Der er faktisk ikkje 6 mapper med bilder på pc’en. Der er ei einaste, og der er bilde nr 6 nærbilde av eit par søte små nevøer.
Løysinga vart bilde nr 8 i mappa. Dette var det bildet som var nærast nr 6, og som ikkje inneheldt ansikt. Denne orkideen er fotografert hjå mor mi. Navnet har eg ikkje, men lekker er den likevel.
Utfordringa skal vidaresendast, men det står ikkje kor mange som skal få den av meg. Derfor har eg valgt ut to stk denne gongen. Dei heldige to er:
Nest siste polkadot-blokk er ferdig
Sånn vart altså nest siste Polkadot girls blokka sjåandes ut. Den siste blokka er sett saman og klar til å broderast på.
Dei to stitcherya i blokka ser slik ut.
Stoffet til bakside og lukkekant kom også her forleden. Baksidestoffet var utrulig søtt med blomster på. Nesten synd å skjule det på baksida av teppet.
Årets første hagevandring
Det er kanskje ikkje så lett å sjå det enno, men det vert faktisk lysare ute for kvar dag som går. Det nærmar seg såtid, men eg har tenkt å vente litt lenger før eg startar med det. Det blir alltids fullt nok på planterommet etter kvart som det lir utpå vårparten. Foreløpig er det vinter ute, sjølv om der er visse teikn på at hagen er i ferd med å livne til igjen. Eg var ute og tok nokre bilete i forrige veke.
Nokre stader var der små pyttar som var dekka av is.
Andre stader stikk løkplantane nasen opp av jorda.
Takløken kosar seg innmed steinkanten.
Kuleprimulaen har så vidt begynt å kvikne til. Her var berre to-tre små primulaer i fjor, så denne har nok likt plassen sin og formeira seg godt 🙂
Sommarfuglbusken ser ut til at den har gjordt unna løvspretten, så det spørs no kor det går når det kjem meir frost.
Eg veit ikkje kva denne krypplanten heiter, men eg synest den er utruleg lekker når den kryp over steinane.
Min kjære sprettekniv…
Det er nesten sånn at desse tre små reiskapane har blitt mine kjæraste hobbyreiskapar etter kvart….
Denne gongen var det vennskapsteppet mitt som fekk gjennomgå. Biletet over viser korleis vennskapsteppet mitt såg ut hin dagen. I utgangspunktet var ikkje blokkene var like store. For at eg skulle kunne sy dei saman, måtte eg sy på ei ramme. Difor har alle blokkene fått ei ramme av rosa stoff med små blomster i. Det grønne mellomverket passa veldig godt i farge til blomsterstilkane på det rosa stoffet, men når det vart sydd på likte eg ikkje resultatet.
Difor bretta eg inn mellomverket og festa med nåler. Jepp, ingen tvil om at sprettekniven måtte fram igjen…….
Og sånn ser altså vennskapsteppet ut i skrivande stund 😦
Ja, ja, opp i all denne sprettinga eg driv med, så har eg fått to flotte awarder frå MariannS. Veldig kjekt at du har glede av bloggen min, Mariann!
Det er vanskelig å velge bloggar å nominere vidare, for eg er innom så mange flotte bloggar med jamne mellomrom.
Eg vil nominere desse 7:

To flotte gensarar
Jadda, eg veit eg skulle fixe brokja til guttungen, men så rydda eg litt på hobbyrommet, og då fann eg eit par stoff som skulle brukast til gensarar. Dette var no mykje meir spennande……
Denne er sydd i stretch jersey, kjøpt frå Stoff og stil.
Denne er sydd i bommuls jersey, kjøpt på samme plass. Begge stoffa var gode å sy i. Guttungen syntest gensarane var deilige å ha på, sidan dei ikkje var så tjukke i stoffet. Om ikkje eg hugsar heilt feil, så hadde eg ein meter av det lyse stoffet, og det var akkurat nok til ein gensar str 12 år.
Polkadotblokk nr 7 er igang.
Ja, sånn ser det ut på golvet når eg skal sy nye blokker til polkadot-duken min. Den blir ganske stor etterkvart, så eg må ta golvet til hjelp når eg skal legge blokkene utover.
Bitane til blokk 7 er ferdig utskorne, maskina er tredd og kaffikoppen er klar. Det er berre å setje seg i godstolen og sy i veg.
Etter samansying må stitcherymønsteret teiknast på stoffet.
Eg er så heldig å ha eit salongbord med glasplate. Glasplata kan være noko herk, for alle fingermerker og all smårusk viser godt, men akkurat til dette bruket er den faktisk genial. Når eg legg ei lyskilde under, går teikninga av stitcheryet som ein leik 🙂
No har eg mange koselige timar i sofakroken med stitchery å sjå fram til!
God laurdagskveld!
Grå bukse i stretchstoff
For ei tid tilbake prøvde eg meg på å sy ei bukse til guttungen. Det vart ikkje akkurat noko suksess, og eg har blogga litt om den tidlegare. Meininga er at buksa skal gjerast ferdig, men foreløpig har det ikkje blitt gjordt noko meir. Eg hadde behov for å lage noko anna før eg fortsette på det misslykka prosjektet. I mellomtida fann eg fram stoff og mønster til ei bukse til jentungen.
Det skulle såvisst ikkje bli noko enklare. Eg kjøpte mønster i Stoff og Stil og endra mønsteret i forhold til måla eg skulle ha. Eg meinte eg var grundig, men når brokja var ferdig var den altfor stor. Dessuten syntest eg livvidda var alt for høg. Så var det berre å hente fram sprettekniven igjen 😦 . Først spretta eg av linninga og klipte ned litt på toppen, inkludert toppen av glidlåsen. Dette gjekk fint heilt til eg gløymde at eg hadde klipt av toppen på glidlåsen, og i eit øyeblikks tankeløyse klarte å lukke glidelåsen………. Då var det berre å sprette ut glidelåsen og sy i ny. Deretter sydde eg sømmen på innsida av buksebeina inn ca 1 cm.
Då trudde eg at det skulle bli bra, men jammen måtte eg til å sy inn sømmane på utsida av buksa før det kunne bli bra. Det vart ein del arbeid med det også, for der hadde sømmen dobbel pyntestikning.
Omsider er buksa ferdig, og resultatet vart i grunn ganske bra.
Knappar i frontlommene og i sidesplitten på føtene.
Neste prosjekt no er å gjere ferdig brokja til guttungen også. Så har eg eit vennskapsteppe som ikkje er ferdig, eit par gensarar som eg har kjøpt stoff og mønster til……..eh….skal tru om der ligg fleire UFOar på lur….
Forsiktig framover med Polka dots
Omsider har eg komt meg inn på hobbysporet igjen. Det har vore litt labert på hobbyfronten, men no satsar eg på at det skal bli betre framover. Den sjette biten til Polka dot girls teppet mitt er ferdig. Her er to av motiva til delen eg er ferdig med no
Og slik ser heile del nr 6 ut. Der ligg klar to nye månadspakkar som eg er klar til å hive meg over snarast. Dette er prosjekt som egnar seg godt til å sitje i sofakroken å sy medan ein ser på tv. Derfor tek det som regel litt tid frå eg har starta på eit nytt til det blir ferdig.
Til slutt eit bilete av Ryssdalshornet i Gloppen, teke i skumringstimane i dag. Biletet er teke på altanen i barndomsheimen min. Kan ikkje klage på utsikta der 🙂
Godt nyttår folkens!
Godt nyttår, folkens!
I går var det 1.årsdagen for bloggen min! Dette skulle liksom være eit innlegg på den store dagen, men med ei datamaskin på reparasjon, er det ikkje gitt at mor slepp til den andre maskina akkurat når det passar ho, så eg rakk ikkje å blogge før klokka bikka midnatt 🙂
Eg har vore så heldig å pådra meg eit nytt kamera her for ei vekes tid sida. Desverre har eg ikkje rukke å setje meg skikkelig inn i alle finessane, men autofunksjonen passar til det aller meste. Om dåkke kikkar på forrige innlegg, så er der bilde av ein flott amaryllis som spratt ut på julaftan. Det er teke med det gamle kameraet. Biletet over er teke med det nye – og det før eg har fått tid til å lese i bruksanvisninga. Dette lovar godt for neste sesong med hagefotografering!
Med denne vil eg gjerne utbringe ein skål for alle dåkke som har vore innom her i løpet av året som har gått! Skal ikkje nemne kva som er oppi, for det strider sikkert mot ei eller anna lov om reklame, men eg trur den røynde «skålar» kjenner att innhaldet 😉 .
Sidan oppstart har det vore 14301 treff på bloggen min og 276 kommentarar. Det er overveldande, og absolutt meir enn eg hadde håpa på når eg starta opp! Gledar meg til eit nytt hobby-, hage- og bloggår saman med dåkke!
SKÅL!