Godt nyttår folkens!
Godt nyttår, folkens!
I går var det 1.årsdagen for bloggen min! Dette skulle liksom være eit innlegg på den store dagen, men med ei datamaskin på reparasjon, er det ikkje gitt at mor slepp til den andre maskina akkurat når det passar ho, så eg rakk ikkje å blogge før klokka bikka midnatt 🙂
Eg har vore så heldig å pådra meg eit nytt kamera her for ei vekes tid sida. Desverre har eg ikkje rukke å setje meg skikkelig inn i alle finessane, men autofunksjonen passar til det aller meste. Om dåkke kikkar på forrige innlegg, så er der bilde av ein flott amaryllis som spratt ut på julaftan. Det er teke med det gamle kameraet. Biletet over er teke med det nye – og det før eg har fått tid til å lese i bruksanvisninga. Dette lovar godt for neste sesong med hagefotografering!
Med denne vil eg gjerne utbringe ein skål for alle dåkke som har vore innom her i løpet av året som har gått! Skal ikkje nemne kva som er oppi, for det strider sikkert mot ei eller anna lov om reklame, men eg trur den røynde «skålar» kjenner att innhaldet 😉 .
Sidan oppstart har det vore 14301 treff på bloggen min og 276 kommentarar. Det er overveldande, og absolutt meir enn eg hadde håpa på når eg starta opp! Gledar meg til eit nytt hobby-, hage- og bloggår saman med dåkke!
SKÅL!
Godt nytt år til deg og dine !
Tek sjangsen på å seie skål sjølv om det er tidleg ein fredagsmorgon!
Godt nytt år til deg også Elin!
Godt nyttår, Elin! Gratulerer med nytt kamera:-D
godt nytt år, og gratulerer med nyt kamera 😀
Godt nytt år til deg også. Håper 2009 blir et supert hageår.
Så flotte bilder! Likte veldig godt bildet av blomsten!
Ønsker deg et fortsatt kreativt år!
Hei. godt nytt år!
Maskina er ferdig reparert – kan hentes hos transportøren:)
Blogg på:)
Godt Nyttår til deg også og gleder med til flotte bilder fra deg framover 🙂
Godt Nytt år. Håper vi får igang eit fotokurs denne vinteren/våren.