Forsiktig framover med Polka dots
Omsider har eg komt meg inn på hobbysporet igjen. Det har vore litt labert på hobbyfronten, men no satsar eg på at det skal bli betre framover. Den sjette biten til Polka dot girls teppet mitt er ferdig. Her er to av motiva til delen eg er ferdig med no
Og slik ser heile del nr 6 ut. Der ligg klar to nye månadspakkar som eg er klar til å hive meg over snarast. Dette er prosjekt som egnar seg godt til å sitje i sofakroken å sy medan ein ser på tv. Derfor tek det som regel litt tid frå eg har starta på eit nytt til det blir ferdig.
Til slutt eit bilete av Ryssdalshornet i Gloppen, teke i skumringstimane i dag. Biletet er teke på altanen i barndomsheimen min. Kan ikkje klage på utsikta der 🙂
Dette blir kjempefint! Ja, hornet er majestetisk, har aldri vore opp der, diverre.
Fin denne blir ser ut som litt jobb også… herlig …
flink du er…
Dette var flotte stitch-bilder, blir spennende å se alle du skal sy.
Eg har heller ikkje vore på Ryssdalshornet, men det spørs om ikkje det må bli målet for 2009. Kan tenke meg at der er fantastisk utsikt på toppen.