Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Grå bukse i stretchstoff

 For ei tid tilbake prøvde eg meg på å sy ei bukse til guttungen. Det vart ikkje akkurat noko suksess, og eg har blogga litt om den tidlegare. Meininga er at buksa skal gjerast ferdig, men foreløpig har det ikkje blitt gjordt noko meir. Eg hadde behov for å lage noko anna før eg fortsette på det misslykka prosjektet. I mellomtida fann eg fram stoff og mønster til ei bukse til jentungen.

Det skulle såvisst ikkje bli noko enklare. Eg kjøpte mønster i Stoff og Stil og endra mønsteret i forhold til måla eg skulle ha. Eg meinte eg var grundig, men når brokja var ferdig var den altfor stor. Dessuten syntest eg livvidda var alt for høg. Så var det berre å hente fram sprettekniven igjen 😦 . Først spretta eg av linninga og klipte ned litt på toppen, inkludert toppen av glidlåsen. Dette gjekk fint heilt til eg gløymde at eg hadde klipt av toppen på glidlåsen, og i eit øyeblikks tankeløyse klarte å lukke glidelåsen………. Då var det berre å sprette ut glidelåsen og sy i ny. Deretter sydde eg sømmen på innsida av buksebeina inn ca 1 cm.

Då trudde eg at det skulle bli bra, men jammen måtte eg til å sy inn sømmane på utsida av buksa før det kunne bli bra.  Det vart ein del arbeid med det også, for der hadde sømmen dobbel pyntestikning.

img_0544

Omsider er buksa ferdig, og resultatet vart i grunn ganske bra.

img_05391  img_0542 

Knappar i frontlommene og i sidesplitten på føtene.

Neste prosjekt no er å gjere ferdig brokja til guttungen også. Så har eg eit vennskapsteppe som ikkje er ferdig, eit par gensarar som eg har kjøpt stoff og mønster til……..eh….skal tru om der ligg fleire UFOar på lur….

Reklame

januar 8, 2009 Posted by | Søm | 9 kommentarar