Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Grå bukse i stretchstoff

 For ei tid tilbake prøvde eg meg på å sy ei bukse til guttungen. Det vart ikkje akkurat noko suksess, og eg har blogga litt om den tidlegare. Meininga er at buksa skal gjerast ferdig, men foreløpig har det ikkje blitt gjordt noko meir. Eg hadde behov for å lage noko anna før eg fortsette på det misslykka prosjektet. I mellomtida fann eg fram stoff og mønster til ei bukse til jentungen.

Det skulle såvisst ikkje bli noko enklare. Eg kjøpte mønster i Stoff og Stil og endra mønsteret i forhold til måla eg skulle ha. Eg meinte eg var grundig, men når brokja var ferdig var den altfor stor. Dessuten syntest eg livvidda var alt for høg. Så var det berre å hente fram sprettekniven igjen 😦 . Først spretta eg av linninga og klipte ned litt på toppen, inkludert toppen av glidlåsen. Dette gjekk fint heilt til eg gløymde at eg hadde klipt av toppen på glidlåsen, og i eit øyeblikks tankeløyse klarte å lukke glidelåsen………. Då var det berre å sprette ut glidelåsen og sy i ny. Deretter sydde eg sømmen på innsida av buksebeina inn ca 1 cm.

Då trudde eg at det skulle bli bra, men jammen måtte eg til å sy inn sømmane på utsida av buksa før det kunne bli bra.  Det vart ein del arbeid med det også, for der hadde sømmen dobbel pyntestikning.

img_0544

Omsider er buksa ferdig, og resultatet vart i grunn ganske bra.

img_05391  img_0542 

Knappar i frontlommene og i sidesplitten på føtene.

Neste prosjekt no er å gjere ferdig brokja til guttungen også. Så har eg eit vennskapsteppe som ikkje er ferdig, eit par gensarar som eg har kjøpt stoff og mønster til……..eh….skal tru om der ligg fleire UFOar på lur….

Reklame

januar 8, 2009 - Posted by | Søm

9 kommentarar »

  1. Ønsker deg ei fin helg 🙂

    Kommentar av Ronille | januar 9, 2009 | Svar

  2. Dette var interessant! Jamen er du flink, tenk å sy eigne bukser. Ja, slikt dreiv eg på med i ungdomen, og det er lenge sidan det, men trur det var enklare snitt…Veldig bra resultat her.
    Helsing gamlelæraren frå 4. kl.

    Kommentar av Lappetausa | januar 9, 2009 | Svar

  3. Hallo Elin!
    Du er iherdig med syinga di, eg er imponert. Ikkje moro å sprette opp og gjere ting på nytt…
    Ville berre tipse deg om at du er nevnt i siste blogginnlegget mitt om du ikkje har oppdaga det…

    Kommentar av Herdis | januar 9, 2009 | Svar

  4. Skal sjå det er Lappetausa som har lært meg å være tålmodig og ikkje gje opp før resultatet blir bra 😉

    Kommentar av eling | januar 9, 2009 | Svar

  5. Imponerende!
    Men – har du hørt om tråkling? 😉

    Kommentar av Linnemi | januar 9, 2009 | Svar

  6. Du er jo helt rå til å sy.
    Vil ønske deg god helg

    Kommentar av Henrikke | januar 10, 2009 | Svar

  7. Tja, eg veit no ikkje om eg er så rå til å sy, Linnemi har sikkert eit meeeeget godt poeng 😉

    Kommentar av eling | januar 10, 2009 | Svar

  8. helledussen! den buksa var fin!!

    Kommentar av tove | januar 10, 2009 | Svar

  9. Er nye-kjøkkenet like komplisert eller blir det en fin avkobling frå vanskelig saum…?

    Kommentar av Heidi S | januar 11, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: