Årets første hagevandring
Det er kanskje ikkje så lett å sjå det enno, men det vert faktisk lysare ute for kvar dag som går. Det nærmar seg såtid, men eg har tenkt å vente litt lenger før eg startar med det. Det blir alltids fullt nok på planterommet etter kvart som det lir utpå vårparten. Foreløpig er det vinter ute, sjølv om der er visse teikn på at hagen er i ferd med å livne til igjen. Eg var ute og tok nokre bilete i forrige veke.
Nokre stader var der små pyttar som var dekka av is.
Andre stader stikk løkplantane nasen opp av jorda.
Takløken kosar seg innmed steinkanten.
Kuleprimulaen har så vidt begynt å kvikne til. Her var berre to-tre små primulaer i fjor, så denne har nok likt plassen sin og formeira seg godt 🙂
Sommarfuglbusken ser ut til at den har gjordt unna løvspretten, så det spørs no kor det går når det kjem meir frost.
Eg veit ikkje kva denne krypplanten heiter, men eg synest den er utruleg lekker når den kryp over steinane.