Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Staudeforedrag med Magnar Aspaker

Torsdag var eg og ei anna hageintressert dame på tur til Stryn.  Stryn hagelag arrangerte foredraget «Sjeldne og uvanlege stauder. Oppbygde bed. Såing av stauder» , og foredragshaldar var ingen ringare enn mannen på biletet under, nemlig Magnar Aspaker 🙂 .

img_0859

Magnar er ein ihuga staudesamlar, og har over to tusen stauder frå heile verda. Han sår gjerne eit par hundre stauder pr år, og frøa har han skaffa seg frå frøfirma rundt heile kloden. Han kjøper og bytter til seg frø, og prøver det meste han får tak i. Om du vil vite meir om han og hagen kan du ta ein kikk inn på den flotte heimesida hass.

img_0864

Eg prøvde å ta bilete av eit par av bildene han viste på storskjerm, men det vart lite vellukka. Desse tre skumle Eriophyton wallishii  på biletet over, har sett dei omtala som «Magnars hagetroll» i andre bloggar. Når eg såg biletet måtte eg berre seie meg enig i at dette faktisk likna på troll (har ikkje sett troll i verklegheita, men det kan godt være slik dei ser ut).

img_0871

For den som likar å lese om plantar, kan eg anbefale denne boka som han gav ut i 2007. Boka inneheld planteportrett av 80 stauder frå Magnar sin hage. Den er skriven på ein slik måte at ein slett ikkje treng være botanikar eller spesielt intressert for å kose seg med boka. Dette er rett og slett ei bok for oss heilt vanlege hageintresserte.

Reklame

februar 20, 2009 Posted by | Hage | 7 kommentarar

Sesongåpning i hagelaget

Torsdag hadde hagelaget sitt første møte denne sesongen.  Det er frøsesong, og kva er då meir naturleg enn at hagelaget pratar om frø og såing? 

img_0800 

Harald er ein ihuga staudesåar. Han var så kjekk å vise oss andre korleis han brukar å gjere det når han sår staudene sine. Han hadde med seg alt han trengde for å vise oss korleis det heile går føre seg. Eg trur nok at det var fleire enn meg som lærte mykje om staudesåing denne dagen 🙂 

img_0802

Her har Harald laga klar nokre potter, ferdig merka og sådd. Desse gav han vekk til hagelaget, slik at vi kunne lodde dei ut. Desverre vann ikkje eg av desse……

img_0806 

…..men derimot vann eg eit slikt minidrivhus, som er akkurat passelig smalt til å stå i vindaugskarmen.

februar 15, 2009 Posted by | Hage | 2 kommentarar

Kurs i pilfletting, Nordfjordeid

 

I fjor prøvde hagelaget vårt å arrangere kurs i pilfletting. Desverre måtte det avlysast den gongen. No prøver vi igjen, for pilfletting virkar kjempemorsomt.  Eg ser at ein del av dei som har kikka innom bloggen min har brukt søkeordet pilfletting, så då fann eg ut at eg kanskje kan treffe mange intresserte med å reklamere litt her. Under her limer eg inn «plakaten» med opplysningar om kurset. Kurset er for alle, så ein treng ikkje være medlem i noko hagelag for å være med. 

 

 

 

Kurs i pilfletting

 

 

Eid Hagelag arrangerer kurs i pilfletting.

Det vert fletting av små ting til hagen, til dømes

klatrestativ til plantar og fuglebrett.

 

Kurshaldar er Else K. Garshol frå Pil og litt til (www.piloglitt-til.moo.no )

 

-Laurdag 28.mars og søndag29.mars 2009

 

Pris per kurs kr 1500,-

 

Dette inkluderer kurs to dagar inkl. varm mat laurdag, kaffe og kaker.

Materialkostnader kjem i tillegg på ca 250 kr

 

Kurset finn stad i ungdomshuset på Hjelle (Nordfjordeid).

 

  

 

 

 

Bindande påmelding innan 10. mars til 

Elin på  tlf  99161392

 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

 

 

 

 

 

februar 5, 2009 Posted by | Diverse, Hage, Interiør/oppussing | Éin kommentar

Ein vårblomst som aldri visnar

img_0774

Nordfjord lappe- og quilteklubb  hadde møte i går. Då var det nåleputa på bildet over som var dagens prosjekt. Ei av dei artigaste nåleputene eg har sett på lenge, og absolutt den største eg har sett. Den er vel omtrent på størrelse med ein halv handball. Det var Strikkemoro som rettleia oss, og i bloggen hennar kan du sjå ei ho har laga.

 

februar 4, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 4 kommentarar