Staudeforedrag med Magnar Aspaker
Torsdag var eg og ei anna hageintressert dame på tur til Stryn. Stryn hagelag arrangerte foredraget «Sjeldne og uvanlege stauder. Oppbygde bed. Såing av stauder» , og foredragshaldar var ingen ringare enn mannen på biletet under, nemlig Magnar Aspaker 🙂 .
Magnar er ein ihuga staudesamlar, og har over to tusen stauder frå heile verda. Han sår gjerne eit par hundre stauder pr år, og frøa har han skaffa seg frå frøfirma rundt heile kloden. Han kjøper og bytter til seg frø, og prøver det meste han får tak i. Om du vil vite meir om han og hagen kan du ta ein kikk inn på den flotte heimesida hass.
Eg prøvde å ta bilete av eit par av bildene han viste på storskjerm, men det vart lite vellukka. Desse tre skumle Eriophyton wallishii på biletet over, har sett dei omtala som «Magnars hagetroll» i andre bloggar. Når eg såg biletet måtte eg berre seie meg enig i at dette faktisk likna på troll (har ikkje sett troll i verklegheita, men det kan godt være slik dei ser ut).
For den som likar å lese om plantar, kan eg anbefale denne boka som han gav ut i 2007. Boka inneheld planteportrett av 80 stauder frå Magnar sin hage. Den er skriven på ein slik måte at ein slett ikkje treng være botanikar eller spesielt intressert for å kose seg med boka. Dette er rett og slett ei bok for oss heilt vanlege hageintresserte.
Heisann. Innom for å ønske deg ei fin helg 🙂
Ønskjer deg ei riktig god helg!
Eg er misunnelig Elin 😉
Ha ei fortsatt god helg 🙂
Mariann: Han sa han skulle ha ei turnering på Møre på seinsommaren, så toget er ikkje godt 😉
Å, håpar det ikkje er når eg er på ferie.
Gleder meg allerede 🙂
Møre og Romsdal er planlagt til uke 39. Hilsen Toril (Magnars elskede)):
Så kjekt at du likte foredraget med pappan min.
Hilsen Lappesola