Toalettmappe til ein liten prins
Eg kjenner ein søt, liten prins. Han er berre eit par dagar enno.
Han skal få seg ei toalettmappe til å ha våtserviettar og eit par små bleier i. Akkurat passelig stor til å ha i veska når han berre skal ut ein liten tur.
Kurs i pilfletting
Denne helga har eg kosa meg med å flette pil. Hagelaget hadde leigt inn Elsa Kosberg Garshol frå Pil og litt til til å holde kurset som gjekk over to dagar.
Her er botnen på ei av korgene klar.
Denne søte engelen hadde ho med seg for å vise oss kva vi kan lage av pil.
Elsa viser oss korleis vi kan lage ei fuglekasse. Metoden er den samme som ho har nytta til engelen.
Her er det eg laga på kurset. Eg har kjøpt med meg pil, slik at eg kan lage fleire espalier til blomsterpottene mine. Dei var virkelig dekorative! Det beste med dei er jo at dei vil passe akkurat til dei pottene dei skal stå i.
Underskriftskampanje
På HagEgal har det i lengre tid vore frustrasjon over at norske tv-kanaler sender få og dårlige hageprogram. Dei få gode programma som blir sendt er gjerne på dagtid, slik at berre eit fåtal er heime og kan få med seg programmet.
No har ei driftig dame på HagEgal starta ein underskriftskampanje på nettet. Dersom du kunne tenke deg å sjå fleire hageprogram på NRK eller TV2, så klikk deg inn på linken og skiriv deg på. Om du er totalt uintressert, så skriv gjerne under for mi og andre hageintresserte si skuld 🙂
Underskriftskampanje for fleire og betre hageprogram på norske fjernsynskanalar
Lapper i rødt og hvitt
Rødt og kvitt er fargar som assosierast med sommar og sol i hagen. Hin dagen når eg sat og surfa på nettet kom eg over denne boka. Den var i salg saman med ein materialpakke i rosa, rødt og kvitt. Eg berre måtte ha den! Den eigentlege grunnen til at eg skulle bestille varer, var dei små låsane til klemmepunger i høgre hjørnet på bildet 🙂
Når eg no sat der og surfa, kom eg over ein annan stad der dei solgte denne flotte skjærematta 8×8 inch. Heilt perfekt till syboka mi, så den måtte eg jo berre ha…..
…..og desse trådsnellene passa jo heilt perfekt i størrelse og farge…….
Ferdig med syboka…nesten
…det manglar berre nokre strikk til å halde boka saman, og der fantest ikkje fine nok strikk i skuffa mi.
Sånn ser den ut før ein startar å blade. Side to er ei lomme til skjærematte. Eg mangla passande matte, men så fann eg ei i ein internettbutikk som vil passe perfekt. Den er til og med roterbar 🙂 Side tre er kun til pynt.
Side fire og fem består av lommer som går over heile sidene, i tillegg er der laga lommer av japansk bretteteknikk utanpå. I dei avlange lommene bakerst er der plass til sakseetui i japansk bretteteknikk. Dei er festa med magnetknappar, slik at dei held seg på plas.
Side seks er ei stor lomme laga av japansk bretteteknikk, side sju er enkle lommer med maskinstitchery og applikasjon. Side åtte og ni er midtsidene i boka, og har plass til 20 trådsneller. Det må vel dekke behovet for tråd når eg er på sykurs 😉
Side 10 og 11 er lommer laga på samme måte som sidene 6 og 7. Side 12 består av fire sirklar av ull. Dei er til å feste knappenåler i. Side 13 skal fyllast med pennar, blyantar, merkepennar og det som ellers måtte passe inn der.
Side 14 er kun til pynt. Det er 4 sirklar som er applikert på. Dei fire brune har fått maskinbrodert stitchery på. Side 15 er ei lomme med plass til f. eks skjærelinjalar.
Perenna rabatter
Eg var innom ein svensk blogg som heiter Med fingrarna i (j)orden. Det er Eva Robild sin blogg. Ho er hagejournalist, og kjem ut med boka Perenna rabatter i desse dagar. Ta ein kikk på linken, så kan du lese om boka.
Såliste 2009
I dag har eg omsider komt meg i gang med såinga. Er nok eit par månader seinare ute enn eg har vore dei siste åra. Det har eit eige lag med å bli kjempetrangt under plantelysa når det lir litt frampå mot sommaren, så eg har tvinga meg sjølv til å vente litt.
For nokre veker sidan sådde eg ein pose Alcea rosea. Det var heimeplukka frø som eg har bytta til meg for lenge sidan. No er der to spirer som står under plantelys og koser seg.
Det eg har sådd i dag er:
- Cortusa matthioli (Hajal?)
- Hengelobelia (Weibulls)
- Kantlobelia (Weibulls)
- Ipomoea quamoclit «white feather» (Lord Nelson)
- Malva sylvestris « Purple satin» ( Lord Nelson)
- Alcea rosea-hybrid «Simplex», Stokkrose
- Petunia ( frå eigen hage)
- Delphinium «Funeral parlors», (frå eigen hage), Ridderspore
- Primula jesoana (Hajal?)
- Lychnis arkwrightii
- Cortusa Mathiolii
- Aquilegia flabellata, kvit og blå dvergakeleie
- Ipomoea blanding av «scarlet o’hara» og «knowlian black»
- Consolida ajacis, ridderspore «The pinks»
Eg har desverre ikkje norsk navn på alle sortane. Viss du har eit namn på dei eg manglar, så legg gjerne inn ein kommentar 🙂
Dette er eit bilete eg tok i fjor sommar av Delphinium «funeral parlors». Den vart sådd i fjor vår. På frøpakken var det bilde av ein nesten svart ridderspore, men min fekk mest kvitt og litt svart her og der. Frøa eg har sådd i dag er frå denne planten, eg veit ikkje om frøplantane vil likne på morplanten, eller om eg kan være heldig å få plantar som er mørkare.
På lappekurs med Patricia Iden
I helga arrangerte lappeklubben kurs med Patricia Iden.Eg var på kurs med henne i haust, og det var så bra at eg måtte ha med meg dette også. Ho gjer utruleg godt forarbeid med kursa sine, så vi får flotte mapper med oppskriftene skrivne i detalj. Dette gjer at det er enkelt å fortsette arbeidet heime etter at kurset er ferdig.
Denne gongen skulle vi lage oss ei sybok. Den skal innehalde alt vi treng ha med oss når vi skal sy.
Bilda over er av fram/bakside og side to/nest siste side. Det er det eg har klart å gjere heilt ferdig så langt. Der er mange detaljer og dekorsøm, så det tar lang tid å bli ferdig med kvar side. Eg kjem tilbake med dei andre sidene etter kvart som dei blir ferdige.
Det skulle være ein del japansk bretteteknikk i boka. Eg har faktisk aldri prøvd det før, så då fekk eg jammen lære det også. Under er bilder av prosessen, så no kan du også lage slike 😉
Først klipte eg ut sirklar og kvadrat i stoff og vatt. Så la eg ein pappsirkel som var litt mindre inni tøysirkelen og trakk saman tråkletråden. Stoffet legg seg fint inntil pappen, og kan no strykast med strykejernet. Kvadratet skal være så stort at alle hjørna når nesten bort i kanten på sirkelen når du legg kvadratet sentrisk på sirkelen etter at du har stoke stoffet rundt pappen
Her er kvadratet lagt sentrisk, og kantane på sirkelen er bretta inn mot midten av kvadratet og nåla fast. Eg har festa kantane med små faldesting på maskin. Eg har brukt usynleg tråd, så det er vanskeleg å sjå stinga.
Til slutt er det quilta rundt med quiltsøm på maskin. Her er det brukt gullfarga overtråd, og usynleg undertråd.
I dag har eg sydd saman toppen til Polka Dot Girls teppet mitt. Eg leita fram bakstykket og la over toppen, og då viste det seg at bakstykket var alt for lite. Eg heiv meg på telefonen for å fortelje dama som har solgt meg abonnementet for å fortelje at eg måtte få meir stoff til bakstykket. Ho kunne då fortelje at ho ikkje har sendt meg noko bakstykke….. Det viser seg at det eg heile tida har tenkt var eit kjempeflott baksidestoff, skulle være ramme rundt quilten…..
No er rammene komt på, og meir kan ikkje eg gjere før eg får baksidestoff. Egentlig hadde eg tenkt at dette skulle være ein duk, men no har den blitt så diger, at eg har ikkje store nok bord. Eg har visst ikkje store nok veggar til å bruke det som veggquilt heller….
Har fått lov å vise fram denne toalettveska som dottera mi har sydd heilt på eigahand. Mønsteret er det samme som eg har brukt på fleire vesker tidlegare. Superenkel å sy, men utruleg funksjonell fasong.