Siste blokk i Polka dot girl teppet ferdig
Sånn ser altså den siste delen av Polka Dot Girls teppet mitt ut. Eg har fått ei blokk i posten kvar månad frå mai til desember. Framstykket består av 8 slike blokker. Om du klikkar på kategori Polka Dot Girls i høgre side av skjermbildet, finn du fleire bloggnotat om dette teppet.
Det største broderiet i denne blokka var denne kjekke dama i ein fletta stol under rosebogen. Eg skulle likt å hatt ein slik stol i hagen min sjølv. Sikkert kjempekoselig å sitje slik i hagen med ein kaffikopp under rosebogen og ein fugl på armlenet når ein syr stitchery 🙂
Skulle ikkje hatt noko i mot å hatt ein slik ærverdig mosegrodd mur med smijernsport i hagen heller. Eg trur desse Polka Dot Girls må ha ein kjempeflott Cottage garden!
Og sånn ser det altså ut når alle blokkene ligg slik som dei skal syast saman. Arbeidet er så stort at eg måtte klive opp på arbeidsbenken og ta bildet omlag frå takhøgda for å få med alle delane.
No kvir eg meg faktisk til å ta fatt på samansyinga, for tenk om eg no gjer ein tabbe…