Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Siste blokk i Polka dot girl teppet ferdig

img_0937

Sånn ser altså den siste delen av Polka Dot Girls teppet mitt ut. Eg har fått ei blokk i posten kvar månad frå mai til desember. Framstykket består av 8 slike blokker. Om du klikkar på kategori Polka Dot Girls i høgre side av skjermbildet, finn du fleire bloggnotat om dette teppet.

img_0938

Det største broderiet i denne blokka var denne kjekke dama i ein fletta stol under rosebogen. Eg skulle likt å hatt ein slik stol i hagen min sjølv. Sikkert kjempekoselig å sitje slik i hagen med ein kaffikopp under rosebogen og ein fugl på armlenet når ein syr stitchery 🙂

img_0939

Skulle ikkje hatt noko i mot å hatt ein slik ærverdig mosegrodd mur med smijernsport i hagen heller. Eg trur desse Polka Dot Girls må ha ein kjempeflott Cottage garden!

img_0940

Og sånn ser det altså ut når alle blokkene ligg slik som dei skal syast saman. Arbeidet er så stort at eg måtte klive opp på arbeidsbenken og ta bildet omlag frå takhøgda for å få med alle delane.

No kvir eg meg faktisk til å ta fatt på samansyinga, for tenk om eg no gjer ein tabbe…

Advertisements

mars 2, 2009 - Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm

8 kommentarar »

  1. så flott teppe! og virkelig nydelig broderier!!
    lekkert, og for en jobb!

    Kommentar av moseplassen | mars 2, 2009 | Svar

  2. Du verda kor vakkert dette blir! Ver ikkje redd for samansyinga, du kan ikkje øydelegge noko. Dette blir ein skikkeleg heirloom quilt, eit arvestykke.

    Kommentar av Eli | mars 2, 2009 | Svar

  3. Beklagar at namnet blei feil i farten…

    Kommentar av Elin | mars 2, 2009 | Svar

  4. Gratulerer med fantastisk flott teppe! Ver ikkje redd for samansyinga, du kan ikkje øydelegge noko.

    Kommentar av Elin | mars 2, 2009 | Svar

  5. Så fint og for ein jobb! Gler meg til å sjå det heilt ferdig!

    Kommentar av hilde | mars 2, 2009 | Svar

  6. Du verden kor flott dette blir:-) Gratulerer med flott teppe. Du må legge ut bilde etter at det sydd saman også.

    Kommentar av Elsa | mars 2, 2009 | Svar

  7. Nydelig. Det blir et lekkert teppe.

    Kommentar av Rita R | mars 3, 2009 | Svar

  8. Takk for kommentaren på bloggen min.Teppet ditt ble veldig fint i dei fargene du har valgt.

    Kommentar av Elligo | mars 4, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: