Såliste 2009
I dag har eg omsider komt meg i gang med såinga. Er nok eit par månader seinare ute enn eg har vore dei siste åra. Det har eit eige lag med å bli kjempetrangt under plantelysa når det lir litt frampå mot sommaren, så eg har tvinga meg sjølv til å vente litt.
For nokre veker sidan sådde eg ein pose Alcea rosea. Det var heimeplukka frø som eg har bytta til meg for lenge sidan. No er der to spirer som står under plantelys og koser seg.
Det eg har sådd i dag er:
- Cortusa matthioli (Hajal?)
- Hengelobelia (Weibulls)
- Kantlobelia (Weibulls)
- Ipomoea quamoclit «white feather» (Lord Nelson)
- Malva sylvestris « Purple satin» ( Lord Nelson)
- Alcea rosea-hybrid «Simplex», Stokkrose
- Petunia ( frå eigen hage)
- Delphinium «Funeral parlors», (frå eigen hage), Ridderspore
- Primula jesoana (Hajal?)
- Lychnis arkwrightii
- Cortusa Mathiolii
- Aquilegia flabellata, kvit og blå dvergakeleie
- Ipomoea blanding av «scarlet o’hara» og «knowlian black»
- Consolida ajacis, ridderspore «The pinks»
Eg har desverre ikkje norsk navn på alle sortane. Viss du har eit namn på dei eg manglar, så legg gjerne inn ein kommentar 🙂
Dette er eit bilete eg tok i fjor sommar av Delphinium «funeral parlors». Den vart sådd i fjor vår. På frøpakken var det bilde av ein nesten svart ridderspore, men min fekk mest kvitt og litt svart her og der. Frøa eg har sådd i dag er frå denne planten, eg veit ikkje om frøplantane vil likne på morplanten, eller om eg kan være heldig å få plantar som er mørkare.
Oj, den lista var lang, anar at her må det også litt plass til når alt spirer. Men reknar med at du kan dette. Takk for hint om såtid for lobelia, i fjor kom eg ikkje så langt. Elles så kjende eg nokre av sortane dine, men nokre namn var litt latinske,…alcea rosea….. får glede meg til bilder når det blir blomster! God søndag!
Ok, eg var visst litt kjapp når eg skreiv. Eg redigerer innlegget, slik at norske navn blir med. Bilder kjem etter kvart.
Ellers så må du no ta det med såtider med ei klype salt…..
Er hagesjela i ferd med å ta over for hobbysjela 😉
Sånn er det iallefall her kjenner eg 🙂
Eg sådde rosa cortusa matthioli i forfjor (eller var det i fjor?), det har 150 i spireprosent 😀
Prøvde også kvit, er spent på å sjå i år kva som blir av den.
Ha ei fin veke 🙂