Delphiniumdilla
Delphinium, eller riddersporer er ein av mine favorittar når det gjeld stauder. Den er fantastisk flott og majestetisk når den blomstrar, og den spreier seg berre sånn måtelig. Eg har ikkje sett at dei spreier seg ved frø i hagen, og dei har heller ikkje utløparar som dukkar opp der det passar minst. Sjølv om dei ikkje har sådd seg sjølv i hagen, er det lett å få sjølvplukka frø til å spire neste vår.
Etter kvart har eg funne ut at det finst utallige variantar rundt om i verden, sjølv om hagesenter eg har vore i har heller labert utval. I forrige veke snubla eg over denne nettbutikken på New Zealand, og i dag låg 5 posar med frø i postkassa mi 🙂
Leika meg litt med Photoscape
Etter tips frå MariannS har eg lasta ned Photoscape. Gledar meg til å utforske programmet meir, og det vil selvfølgelig gje seg utslag i litt penare bilete her på bloggen. Har lyst å vise dåkke litt av resultatet så langt. Under har eg sett inn bileta eg viste av primulaene mine for nokre dagar sidan.
Og under her er bilete frå ein fjelltur tidlegare i veka. Ser nesten ut som om dei er henta frå ein av reiselivet sine påkosta brosjyrer, men sånn ser det altså ut i heimbygda mi 🙂
Her skal det klatrast!
Eg er så kry over dei nye klatrestativa mine. Eg fekk gubben og dottera til å hjelpe meg, så det var gjordt på ganske så kort tid 🙂
I desse skal det klatre roser og klematis. Der står allereie to klatreroser der, men klematis manglar. Har tatt meg ei runde for å finne ut kor eg grov ned dei små klematisane frå Hagegalimporten for eit par år sidan, men ikkje tale om at eg finn dei 😦
Stativa er svært enkle. Kvart stativ består av to jordspyd, to stokkar ( i mitt tilfelle 4 stokkar skrudd saman til 2) og ei halv armeringsmatte 8 mm. I kvar stokk har eg bora hol, slik at vi kunne slå armeringsjernet inn, så er jordspyda slått på stokkane og skrudd fast. Verre var det altså ikkje 🙂
Så viss nokon kan fortelje meg kor eg har gravd ned klematisane mine, så kan eg få plante litt framfor klatrestativa også 😉
Primula i flor
Har vore i hagen og fotografert primula i dag. Dette er dei som blomstra i dag.
Det er nesten ufattelig kor hagen har «eksplodert» siste veka. Sol og varme har fått det meste til å skyte i veiret.
Bloggen til hagelaget er oppdatert. Marlen Foseid skal halde foredrag 🙂
Gavedryss
Har leika meg litt med restekassa igjen, og her er resultatet. Prøvar stadig vekk å putte inn litt av restane mine når eg syr, men likevel blir det fullare og fullare i restekassa. Dvs, akkurat no er den ikkje så full lenger – men det er berre fordi eg har kjøpt ei ny som er tre gonger så stor som den gamle. No får eg i alle fall på lokket 😉
Tre av klemmepungane skal gå til dei tre som meldte seg på Pay it forward. Den brune med rosa blomster på skal Marita få fordi ho la igjen kommentar på 20000 besøk jubileumet mitt.
Denne er til overs, så enn så lenge brukar eg den sjølv 🙂
Har sådd litt til
- Impatiens (frå eigen hage, truleg Wallerina)
- Nigella damascena, Jomfruen i det grønne.
- Lactuca sativa, plukksalat
- Purre, Sigfried frost
- Romersk salat
- Blomkål
- Persille
Prikla litt blomster også:
- Nemesia (fått prikleplantar av Cherie )
- Tagetes nenuifolia (også fått frå Cherie)
- Ipomoea (blanding av Knowlian black og Scarlet o’hara)
20000 gjester i dag?
Påsketider er besøkstider. Her hjå meg ser eg at besøkstala i bloggen går opp når folk har fri. Difor kjenner eg meg ganske sikker på at teljaren min vil passere 20000 i dag 🙂 .
Det er i grunn fantastisk! Kven skulle tru at så mange ville stikke innom for å sjå kva eg puslar på med? I alle fall hadde ikkje eg rekna med det då eg starta med blogginga.
Det er jo ikkje like kjekt å drive med blogging dersom ingen er innom og besøkjer bloggen. Difor har eg tenkt å lage ei gåve og gje vekk til besøkjande nr 20000. I påska har eg tenkt å prøve å sy «klemmepungar» , og ein av desse går til besøkjande nr 20000 🙂
Om du er innom her og teljaren står på 20000, så skriv ei helsing i kommentarfeltet.
Til alle som er innom her med jamne eller ujamne mellomrom:
TAKK FOR BESØKET!
Vennskapsteppet
Etter mykje om og men har eg fått sydd ferdig vennskapsteppet mitt. Det starta på Hobbyboden i mai i fjor. Eg meldte meg på og kom på eit lag med 8 andre damer. Vi sydde lappar og sendte til kvarandre. Til slutt hadde eg fått 8 lappar, og så skulle eg lage ein sjølv før eg skulle sy alt saman til eit teppe.
Lappen i midten har eg laga. Den har fått namna til alle som er med på teppet. Nokre hadde sendt med merkelappar, medan andre sydde eg sjølv.
Om du klikkar på kategorien Vennskapsteppe til høgre i margen her, kjem alle innlegga eg har hatt om vennskapsteppet tidlegare. Der kan du sjå nærbilete av alle blokkene, og bilete av alle blokkene eg har laga og sendt til dei andre medlemmene på laget mitt.
GOD PÅSKE!
Fantastisk fin vårdag
I dag var veiret heilt fantastisk. Sol frå skyfri himmel og vindstille. Årets første kaffikopp vart nytt i hagen, uten jakke på 🙂 . I hagen kjem fleir og fleir spirar opp av jorda. Julerosa har blomstra lenge og er fantastisk flott, men det er ikkje godt å sjå for den heng sånn nedover med blomstrane sine.
Blåveisen held til nedmed rota til ei rosebusk. Den er ikkje lett å komme til for å fotografere, for tornene på rosa er vanvittig kvasse. Difor klipte eg rett og slett heilt ned rosebuska for å få tatt biletet.
Midt i plenen struttar ei klynge kvite krokusar.
Hin dagen fekk eg med meg ungane på pilfletting. Utruleg flinke medhjelparar! Vi laga fleire klatrestativ til blomsterpottene. Truleg er det Ipomoea som får boltre seg i desse.