Fantastisk fin vårdag
I dag var veiret heilt fantastisk. Sol frå skyfri himmel og vindstille. Årets første kaffikopp vart nytt i hagen, uten jakke på 🙂 . I hagen kjem fleir og fleir spirar opp av jorda. Julerosa har blomstra lenge og er fantastisk flott, men det er ikkje godt å sjå for den heng sånn nedover med blomstrane sine.
Blåveisen held til nedmed rota til ei rosebusk. Den er ikkje lett å komme til for å fotografere, for tornene på rosa er vanvittig kvasse. Difor klipte eg rett og slett heilt ned rosebuska for å få tatt biletet.
Midt i plenen struttar ei klynge kvite krokusar.
Hin dagen fekk eg med meg ungane på pilfletting. Utruleg flinke medhjelparar! Vi laga fleire klatrestativ til blomsterpottene. Truleg er det Ipomoea som får boltre seg i desse.
Ja dagen i dag har vore flott, i går hakket bedre, ca 15 grader i skyggen. I ettermiddag kom skodda sigandes.
Eg bli SÅÅÅÅ misunnelig på den blåveisen altså 😉
Eg fikk meg ei tue i fjor, men eg trur den har daua for meg, ser iallefall ikkje noke av den i år 😦
Ha ei fin palmehelg og ei laaang fin påske 🙂
Utrolig flotte klatrestativ dere har laget! Er det lange remser med kvist dere bruker, eller kan det gå an med f.eks. selje?
Du kan sikkert bruke det du finn av lange kvister. På bildet er det stativ som er laga av tørka pil, men eg lagde nokre enkle av kvistar frå rosehagtorn i fjor, og det gjekk heilt fint.