Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Her skal det klatrast!

Eg er så kry over dei nye klatrestativa mine. Eg fekk gubben og dottera til å hjelpe meg, så det var gjordt på ganske så kort tid 🙂

img_1520 

I desse skal det klatre roser og klematis. Der står allereie to klatreroser der, men klematis manglar. Har tatt meg ei runde for å finne ut kor eg grov ned dei små klematisane frå Hagegalimporten for eit par år sidan, men ikkje tale om at eg finn dei 😦

img_1522

Stativa er svært enkle. Kvart stativ består av to jordspyd, to stokkar ( i mitt tilfelle 4 stokkar skrudd saman til 2) og ei halv armeringsmatte 8 mm. I kvar stokk har eg bora hol, slik at vi kunne slå armeringsjernet inn, så er jordspyda slått på stokkane og skrudd fast. Verre var det altså ikkje 🙂

Så viss nokon kan fortelje meg kor eg har gravd ned klematisane mine, så kan eg få plante litt framfor klatrestativa også 😉

Reklame

april 18, 2009 - Posted by | Hage

11 kommentarar »

  1. Eg kan desverre ikkje fortelle deg kvar Klematisane dine har tatt vegen, men eg gledar meg til å sjå dei og rosene klatre oppetter klatrestativa 🙂
    Flinke gubbe og datter 🙂
    Ønsker deg ei god helg 🙂

    Kommentar av Mariann S | april 18, 2009 | Svar

  2. Kan nok ikke hjelpe deg med å finne Clematisene jeg heller, men superflott ble det. Gleder meg til å se det blomstrer. Det med å bruke armeringsmatter og stolper synes jeg er både enkelt og fint. Satte opp noen her i fjor, og det blir nok flere i år 🙂

    God lørdagskveld!

    Kommentar av Wenche | april 18, 2009 | Svar

  3. Det blir sikkert veldig flott med klatrende roser og Clematis til sommeren (hvis du finner clematisene da) 🙂

    Kommentar av petronella | april 18, 2009 | Svar

  4. Det blir nok fint når det blir sommer og dekket med blomster.

    Kommentar av amylin | april 18, 2009 | Svar

  5. kjempefine klatrestativ! lykke til på jakten etter klematisene 🙂

    Kommentar av myrsnipa | april 18, 2009 | Svar

  6. Kan tenke meg at det kommer til å klatre og blomstre nydelig der til sommeren.Kjempe lurt å lage slike klatrestativ.

    Kommentar av Diana | april 18, 2009 | Svar

  7. Det vert ein skikkelig flott klatrevegg bare du finn att Clematisane dine…. prøv å leit der du såg dei sist… 😉
    Ha ei god helg!

    Kommentar av hajal | april 19, 2009 | Svar

  8. Hei Elin, koselig å sjå ka du kan finne på. Klatrestativet blir spennende å følge med på, ellers kunne jeg ønske at jeg var nr. 20000 som tittet innom

    Kommentar av Mamma, | april 19, 2009 | Svar

  9. Åhh! Jeg ser for meg at det blir helt nydelig med klatrende, blomstrende vekster her, ja! :0)

    Kommentar av hobbymegher | april 19, 2009 | Svar

  10. Hajal: Klematis dukka faktisk opp rett ved der eg trudde eg hadde sett dei sist, men det var desverre berre ein….

    Mamma: Syr gjerne ein klemmepung til deg, sjølv om du ikkje var nr 20000 innom her. Eg fann faktisk ein klematis under den pinnen du tipsa meg om 🙂

    Kommentar av eling | april 19, 2009 | Svar

  11. Smart «rekkverk» til klatreplanter. Vi skal lage en slags potal over inngangspartiet til hagen. Din løsning var jo genial, så jeg tror jeg skal låne litt ide her!

    Kommentar av Marita | april 19, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: