Delphiniumdilla
Delphinium, eller riddersporer er ein av mine favorittar når det gjeld stauder. Den er fantastisk flott og majestetisk når den blomstrar, og den spreier seg berre sånn måtelig. Eg har ikkje sett at dei spreier seg ved frø i hagen, og dei har heller ikkje utløparar som dukkar opp der det passar minst. Sjølv om dei ikkje har sådd seg sjølv i hagen, er det lett å få sjølvplukka frø til å spire neste vår.
Etter kvart har eg funne ut at det finst utallige variantar rundt om i verden, sjølv om hagesenter eg har vore i har heller labert utval. I forrige veke snubla eg over denne nettbutikken på New Zealand, og i dag låg 5 posar med frø i postkassa mi 🙂
Å, nyyyydelige var dei 😀
Ja riddersporer er lekre 🙂 og dissa der var berre rålekre 🙂