Utsikt frå hobbyrommet
Hobbyrommet mitt er ikkje ferdig enno, men det hindrar meg slett ikkje frå å kikke i vindauget og glede meg over utsikta derifrå 🙂
Desverre ramla klematisportalane mine ned i vinter, så klematisane har ikkje noko høveleg å klatre på. Har ikkje somla meg til å skaffe noko nytt enno, så det vert vel markdekkande med klematis her etter kvart. Sitjeplassen vert aldri brukt, den fungerer mest som eit blikkfang og ein naturleg avslutning på hagestien.
Mot nord held den hengande sibirertebusken på å springe ut i full flor. Graset skulle vore klipt, ser eg, men det blir ikkje i dag. Utover sommaren kjem blant anna hosta, ridderspore og ildblomkarse og gjer bedet til eit syn. Desverre vil ikkje eg sjå ildblomkarsen frå vindauget mitt, då den klatrar oppover den veggen på dukkehuset som vender vekk frå vindauget.
Heldigvis har kameraet god zoom, slik at ein kan velje å zome inn på det ein ynskjer å vise fram. Dei to små bileta viser det eg ikkje hadde lyst å vise dåkke på dei øverste bileta. På grunn av påbygning av huset ser deler av hagen ut som eit katastrofeområde. Prøver så godt eg kan å fortrenge det, men det hjelper desverre lite å halde hendene for auga og late som det ikkje er der…..då snublar ein berre oppi det 😦
Jadda , nok syting for i dag…det blir nok bra etter kvart her også 😉
Hagevandring i mai
Her er eit knippe av det som kan sjåast i hagen for tida. Ein varm og tørr vår har gjordt sitt til at det blomstrar i rekordfart. Eg veit ikkje heilt kva som skal blomstre i august, når alt er så tidleg ute. Vi får satse på å klippe ned staudene etter blomstring og håpe på at dei fleste kjem att med eit flott blomsterflor på hausten.
Fuchsia Pink Marsmallows – er heilt til å ete opp… Står akkurat no og blomstrar så fint i plastdrivhuset mitt. Det er ikkje lenge før dei andre fuchsiane kjem etter. Det er blomsterknoppar på mange av dei 🙂
Tunika til 17.mai
Det nærmar seg 17. mai med stormsteg. Difor har vi nytta helga til å ordne med antrekket. Jentungen ynskte seg tunika, og har sjølv plukka ut stoffet på Stoff og stil.
I halslinningen glitrar det, rett nok ikkje i gull, men pent vart det likevel 🙂
Bak i nakken hadde stoffet på baksida ein tendens til å vippe seg opp. I staden for ein stikning rundt heile, vart det ein diskret liten merkelapp i nakken. Skal ikkje være tvil om kor antrekket kjem frå 😉
Ein sommartopp har ho fått seg også. Denne er ei stund sidan eg laga, men eg har rett og slett gløymt å blogge den.
Variasjonar over ei toalettveske
Eg har laga enno ei toalettveske etter mønster frå Lise Bergene. Har ikkje tal på kor mange eg har laga av desse. Dei er både praktiske og fine, og ikkje minst er dei enkle å sy. Den første på biletet er det dottera mi som har sydd, dei andre har eg laga sjølv.
Det er den blå i midten som er nylaga. Den er tenkt som ei strikketøyveske til ei veninde som har hatt bursdag. Ho har gjerne med seg eit strikketøy når ho kjem. Denne veska er akkurat passe stor til å putte eit sånt gå-bort-strikketøy oppi.
Favoritten min er dei to søte små nederst til venstre. Dei er ganske så små og så er dei fora med voksduk. Dette gjer at dei er suverene til smykker og liknande på tur. Voksduken gjer at dei blir litt stive, og dermed beskyttar smykka på turen.
Vår i racertempo
Det blomstrar i rekordfart ute! Årets første Rhododendron viser seg i all sin prakt.
Denne primulaen viser seg frå si beste side akkurat no. Den har virkelig blitt stor og flott i år.
Ein nesten svart fiol. Denne dukkar opp kvar vår men aldri på samme plass. Fekk tak i den på ein planteloppemarknad i Bergen for mange år sidan.
Det beste med hagen – Rabarbra og jordbærpai. Rabarbraen plukka vi i hagen i dag, og eg treng vel ikkje fortelje at paien smakte heilt fantastisk med ein dæsj vaniljeis til 😉