Variasjonar over ei toalettveske
Eg har laga enno ei toalettveske etter mønster frå Lise Bergene. Har ikkje tal på kor mange eg har laga av desse. Dei er både praktiske og fine, og ikkje minst er dei enkle å sy. Den første på biletet er det dottera mi som har sydd, dei andre har eg laga sjølv.
Det er den blå i midten som er nylaga. Den er tenkt som ei strikketøyveske til ei veninde som har hatt bursdag. Ho har gjerne med seg eit strikketøy når ho kjem. Denne veska er akkurat passe stor til å putte eit sånt gå-bort-strikketøy oppi.
Favoritten min er dei to søte små nederst til venstre. Dei er ganske så små og så er dei fora med voksduk. Dette gjer at dei er suverene til smykker og liknande på tur. Voksduken gjer at dei blir litt stive, og dermed beskyttar smykka på turen.