Tunika til 17.mai
Det nærmar seg 17. mai med stormsteg. Difor har vi nytta helga til å ordne med antrekket. Jentungen ynskte seg tunika, og har sjølv plukka ut stoffet på Stoff og stil.
I halslinningen glitrar det, rett nok ikkje i gull, men pent vart det likevel 🙂
Bak i nakken hadde stoffet på baksida ein tendens til å vippe seg opp. I staden for ein stikning rundt heile, vart det ein diskret liten merkelapp i nakken. Skal ikkje være tvil om kor antrekket kjem frå 😉
Ein sommartopp har ho fått seg også. Denne er ei stund sidan eg laga, men eg har rett og slett gløymt å blogge den.
Så stilig!!! Jeg har alltid beundret alle som kan sy slike saker. Jeg for mitt vedkommende tilhører de som kun kan legge opp gardiner 😉
Så flink du er! Kven hadde du i tekstilforming i si tid??
Og kvar får du tak i mønstrene?
Stilig!!
Kor flinke du e Elin 🙂
Kul merkelapp forresten 😀
oj oj,…. bra du kom ut av skapet, du har jammen skjult dine talenter godt! Er mektig imponert, og det er så kjekt å sjå at nokon syr kle enno. Eg har hatt ein del planer siste åra, men er ikkje komt i sving med vanlige kle, syr herrebunad akkurat no,..med sniglefart!
Eh..blir nesten litt flau over all rosen her. Det er vel sånn at når ting er morsomt, så tek ein seg tid – og dermed så får ein til ting. Det er sikkert mykje anna eg absolutt burde bruke tida på….fixe bunaden min for eksempel….eller vaske huset litt oftare….
Elin: Mønsteret er frå Stoff og stil. Hugsar faktisk ikkje kven vi hadde i tekstilforming (er det verkeleg mogeleg???)