Utsikt frå hobbyrommet
Hobbyrommet mitt er ikkje ferdig enno, men det hindrar meg slett ikkje frå å kikke i vindauget og glede meg over utsikta derifrå 🙂
Desverre ramla klematisportalane mine ned i vinter, så klematisane har ikkje noko høveleg å klatre på. Har ikkje somla meg til å skaffe noko nytt enno, så det vert vel markdekkande med klematis her etter kvart. Sitjeplassen vert aldri brukt, den fungerer mest som eit blikkfang og ein naturleg avslutning på hagestien.
Mot nord held den hengande sibirertebusken på å springe ut i full flor. Graset skulle vore klipt, ser eg, men det blir ikkje i dag. Utover sommaren kjem blant anna hosta, ridderspore og ildblomkarse og gjer bedet til eit syn. Desverre vil ikkje eg sjå ildblomkarsen frå vindauget mitt, då den klatrar oppover den veggen på dukkehuset som vender vekk frå vindauget.
Heldigvis har kameraet god zoom, slik at ein kan velje å zome inn på det ein ynskjer å vise fram. Dei to små bileta viser det eg ikkje hadde lyst å vise dåkke på dei øverste bileta. På grunn av påbygning av huset ser deler av hagen ut som eit katastrofeområde. Prøver så godt eg kan å fortrenge det, men det hjelper desverre lite å halde hendene for auga og late som det ikkje er der…..då snublar ein berre oppi det 😦
Jadda , nok syting for i dag…det blir nok bra etter kvart her også 😉
Det er tydeleg at du også har grøne fingrar, ikkje berre sy-fingrar! Veldig inspirerande!
Flott utsikt frå Hobbyrommet.
Det er vel ikkje lenge før resten av hagen også er ferdig 😉
Satsar på en eidatur te sommaren so eg får sjå kordan det har blitt :9
Flott, Mariann! Gledar meg 🙂
Blei ikkje tur innom deg i dag, fordi du var i Florø. Men vi tar det igjen, ganske sikkert til veka alllereie.