Blomstring i natt
Lenge sidan forrige oppdatering her. Sommar og sol er ikkje den ideelle tida å sitje framfor pc’en, så de får ha meg unnskyldt.
Det er så varmt og lyst for tida at det er vanskeleg å komme seg i seng i skapeleg tid. I dag har det resultert i ei fotorunde i hagen etter midnatt. Under her kjem eit knippe av det som blomstrar akkurat no.
Fortsatt god sommar til dåkke som stikk innom her!
Blomstring 4. juni
Vi har bikka juni månad, og det er full eksplosjon i hagen. Var ein kjapp fotorunde i dag før regnskyllet jaga meg innomhus med kameraet.
Min favoritt blandt Rhododendroane i hagen. Namnet har eg ikkje. Denne er ein av dei første eg skaffa meg i hagen, og den er litt av eit syn når den blomstrar – til tross for at den ikkje er meir enn ca 20 cm høg. Dei fleste som går forbi stoppar opp og lurar på kva dette er for ein plante.
Denne sprett ut når sola skin. Som dåkke ser var det ikkje så veldig fint ute når eg var på fotorunde. Det rare med denne er at den forsvinn heilt utover hausten. Første året eg hadde den trudde eg at eg mista den, men året etter stod den plutselig der igjen 🙂
Denne Lewisiaen har eg vist dåkke før, men den tåler å bli vist fram fleire gonger. Virkelig lekker!
Ein eller annan Primula som blomstrar for første gong. Den er frå ein Primula frøblanding, så kva den heiter veit eg ikkje. Den passar godt inn blandt dei mange andre rosa blomstrane mine.
Lurar på om denne er Delphinium pasific «Black Knight». Den liknar i alle fall på dei eg finn på nettet med same namn. Den skal blomstre i juli- august, men min såg altså slik ut i dag. Denne våren har kome så mykje tidlegare enn den brukar, så det er vel ikkje så unaturleg om denne blomstrar før den skal også. Eg har visst litt blått i hagen også.
Mot vest blomstrar Rosehagtornen for fullt. Lekkert med den kraftige rosa mot den grønne hytta og hekken.
Kryssordbrikker
Desse bordbrikkene fant eg oppskrift på i Quiltemagasinet for litt sidan. Eg syntest det var litt artig med kryssordmotivet. Desse er ei gåve til nokon eg kjenner som har hatt bursdag for litt sidan.
Eg prøvde først å lage eit eige kryssord, men måtte gje tapt. Kryssord er visst ikkje heilt mi greie 😦 Det er nok best at eg held meg til det eg kan, så får den som kan lage kryssord gjere det. Då var det greit at der faktisk var 4 ulike forslag til kryssord som eg kunne teikne av i bladet 🙂
Ellers så er det så fint og varmt ute for tida, at det blir lite sying, men kjem nok sterkare tilbake med syblogging ved dårleg veir 😉