Japansk sminkepung
Som tidlegare blogga, så var eg altså på Katrines Quiltestue i sommar. Ein av lekkerbisknane eg kjøpte då var denne japanske sminkepungen. Her var alt eg hadde bruk for i pakken, inkludert grundig brukarrettleiing…..på japansk….
Sånn såg det ut inni pakken. Legg merke til kor flott stoffa er bretta 🙂
Mønster på japansk er vel ingen hindring. Heldigvis var det gode teikningar, så det gjorde ikkje noko at eg ikkje var særleg kyndig i det japanske språket.
Sånn vart den ferdige pungen. Kaffikruset i bakgrunnen er for å vise storleiken.
Til og med foret var nydelig 🙂
Ellers, så får dåkke ha ei rettelet god helg, folkens!
På tide med litt blomsterbilder igjen
Hagen min er virkelig neglisjert i sommar. Det er nesten litt pinlig, men det er omtrent berre litt plenklipping og bittelitt luking som har blitt gjordt her. Har liksom 1000 andre prosjekt som stel tid og energi. Det fine med hagen er at det meste toler ein støyt, slik at det likevel er litt av kvart som blomstrar.
Til venstre ser du den einaste pelargoniaen eg har overvintra sjølv. Har desverre ikkje namnet på den, men det er nok ein heilt vanleg pellis. Legg gjerne igjen ein kommentar viss du har namnet. Til høgre ser du Sølvi. Den har nydelege blomster. Desverre er den berre så vidt sprunge ut no, men den klare, raude fargen er tydelig likevel.
Pusen på trappa passar på p. A happy thought, også ein flott, raud pellis. Selvfølgelig avblomstra no når eg endelig kom meg ut på fototur.
Alle desse har eg kjøpt som stiklingar av Elisabeth tidlegare i år. Ta deg ein tur innom bloggen hennar, der finn du virkelig mykje fint når det gjeld pelargonier!
Til venstre er Delphinium «The pinks». Dette er den einaste av riddersporane eg bestilte som frø frå New Zealand i vår som har blomstra. Den har småflikete blad og virkar atskillig sartare enn dei andre riddersporene mine, så eg er spent på korleis den tålar vinteren.
Til høgre er ein namnlaus riddarspore som vart sådd i fjor. Den er no avblomstra, men eg har ikkje blogga den tidlegare, og så passa det fint med to riddarsporar ved sidan av kvarandre 😉 .
Med hjarte på rette staden
Prosjektet som låg på benken i det forrige innlegget mitt var ei gåve til ei dame som fylte rundt tal her forleden. Det hasta litt med å få det ferdig, så eg har jobba på spreng når eg har hatt ledig tid siste veka.
Inspirasjonen fann eg i boka Lapper i rødt og hvitt av Gerd Gellein Merkesdal. Der er forøvrig massevis av flotte saker i den boka, så det vert nok fleire prosjekt derifrå.
Teppet er for det meste satt saman av stoff eg hadde i forrådet frå før, måtte berre skaffe eit par-tre nye for å få litt variasjon. Det beviser jo berre at det er viktig at eg har eit stort lager av lappestoff , ikkje sant?? 😉
Tjuvstart i det nye hobbyrommet
Sjølv om det har blitt lite blogging i sommar, betyr ikkje det at det har vore stillstand på korkje hage- eller hobbyfronten. Eg skal komme tilbake med blomsterbilder etter kvart, men i dag har eg lyst å vise dåkke at eg har innvia det nye hobbyrommet mitt 🙂 .
Eg har rett og slett tjuvstarta, for rommet er ikkje heilt ferdig. Det gjenstår ein del småting, men det er slikt som skal gjerast når det blir dårlegare veir ute. Det er massevis for snekkaren å gjere ute medan veirgudane tillet utearbeid, så eg får smørje meg med eit par dosar tålmod så lenge.
På benken ligg det første prosjektet eg jobbar med i det nye hobbyrommet. Det er rulla inn i eit dynetrekk, slik at eg ikkje skal misse kontrollen på kor eg har plassert alle lappane. På denne måten kan eg rulle ut etter kvart som eg treng nye lappar, og samtidig rulle saman på andre sidan der eg har sydd saman lappane. I venstre biletkant heng ledning til arbeislys som ikkje er montert. Der heng fleire slike omkring i rommet, men eg har dratt inn ei stålampe og skøyteledning, så eg har fint arbeidslys likevel.
Det pågåande prosjektet er henta frå denne boka av Gerd Gellein Merkesdal. Eg kjem tilbake med fleire bilete av prosjektet seinare.
Sånn ser det ut når eg sit og jobbar. Fin utsikt gjennom eit halvferdig vindauge. Kaffikoppen er sjølvsagt alltid med. Det samme med radioen. Som regel er det Radio Norge, men er det rett tid på dagen, er det lokalradio eller nitimen som blir prioritert.
Biletet til venstre viser den delen av benken som no blir brukt til skjærebord. Denne benken er for lav, så difor er det laga til område der eg skal ha eit flyttbart skjærebord under skapa på det høgre biletet. Dette rommet er lyst og trivelig, så det er ein fryd å sitje her og sy!
Stolen er ein av fire slike, og er arvegods frå barndomsheimen til mor mi. Eg diggar desse stolane, sjølv om dei er mottetne, måla på nytt og nedslitne igjen. Fronten under setet er krakelert. Det er jo akkurat slik folk vil ha det for tida, men denne er heilt naturleg slik etter mange års bruk og slitasje.
Ein eldre kar frå bygda her fortalte meg at det var vanleg med trebeina stolar før i tida. Golva var ofte så ujamne at vanlege stolar blei ståande å vippe. Ein treibeina stol, derimot stod stødig og godt.
Shopping i hovudstaden
Etter ein del datatrøbbel, er no maskina mi lynkjapp og god igjen. Det betyr fleire blogginnlegg 🙂
Før helga vart det ein tur til hovudstaden. Eg hadde to mål for den turen. Det eine var Madonna sin konsert torsdagen, som mildt sagt var ei fuktig oppleving. Overgartnaren vart litt vel ivrig med vatninga, for makan til regnveir har ikkje eg opplevd før..
Det neste målet var Kathrines Quilte stue, og der var det jammen mykje ein kunne hatt lyst å kjøpe med seg!
Her er det eg handla med meg.
Planen er at desse stoffa skal bli ei ny veske. Ekspeditøren hjalp meg å finne stoff som passa fint saman. Med eit sånt utval som var i denne butikken, blir det nesten umulig å velge, så då kom hjelpa godt med. Banda og blondene er berre eit lite utval av det som kunne kjøpast.
Veska eg har tenkt å sy er nederst til venstre. Dei to andre er japanske mønster som inneheld alt ein treng for å sy veska på det respektive biletet.
31 fat quarters i ein bunke. Desse har eg ikkje bestemt meg for kva dei skal bli til, men dei blir neppe liggande lenge før eg finn noko eg kan bruke dei til. Stoffa er ferdig vaska, og det klør allereie i fingrane mine etter å komme i gang 🙂