Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Shopping i hovudstaden

Etter ein del datatrøbbel, er no maskina mi lynkjapp og god igjen.  Det betyr fleire blogginnlegg  🙂

Før helga vart det ein tur til hovudstaden. Eg hadde to mål for den turen. Det eine var Madonna sin konsert torsdagen, som mildt sagt var ei fuktig oppleving. Overgartnaren vart litt vel ivrig med vatninga,  for makan til regnveir har ikkje eg opplevd før..

Det neste målet var Kathrines Quilte stue, og der var det jammen mykje ein kunne hatt lyst å kjøpe med seg!

 IMG_3028 

Her er det eg handla med meg. 

IMG_3030

Planen er at desse stoffa skal bli ei ny veske. Ekspeditøren hjalp meg å finne stoff som passa fint saman. Med eit sånt utval som var i denne butikken, blir det nesten umulig å velge, så då kom hjelpa godt med. Banda og blondene er berre eit lite utval av det som kunne kjøpast.

 IMG_3033 

Veska eg har tenkt å sy er nederst til venstre. Dei to andre er japanske mønster som inneheld alt ein treng for å sy veska på det respektive biletet.

IMG_3032

31 fat quarters i ein bunke. Desse har eg ikkje bestemt meg for kva dei skal bli til, men dei blir neppe liggande lenge før eg finn noko eg kan bruke dei til. Stoffa er ferdig vaska, og det klør allereie i fingrane mine etter å komme i gang  🙂

 

Advertisements

august 3, 2009 - Posted by | Lappeteknikk

4 kommentarar »

  1. Det var lenge sidan ja 🙂 Kjekt du har fått maskina di opp og gå igjen då.
    Og for en handel då, blir misunnelig her eg sitter 🙂

    Kommentar av Mariann S | august 3, 2009 | Svar

  2. Jeg blir glad og misunnelig av å se slik orden som på siste bildet jeg da! Også blr jeg naturligvis innspirert til å lage noe, velordna crafting-greier er alltid inspirerende 😀 (hihi, driver og rydder i mine hobbygjemmer for tiden…)

    Kommentar av anne -moseplassen | august 4, 2009 | Svar

  3. Så utruleg masse fint du har handla!!

    Kommentar av hilde | august 4, 2009 | Svar

  4. Det er nesten så ein blir blank i auga:-)

    Kommentar av Tiril sol | august 5, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: