Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

På tide med litt blomsterbilder igjen

Hagen min er virkelig neglisjert i sommar. Det er nesten litt pinlig, men det er omtrent berre litt plenklipping og bittelitt luking som har blitt gjordt her. Har liksom 1000 andre prosjekt som stel tid og energi. Det fine med hagen er at det meste toler ein støyt, slik at det  likevel er litt av kvart som blomstrar.

IMG_3292 IMG_3297 

Til venstre ser du den einaste pelargoniaen eg har overvintra sjølv. Har desverre ikkje namnet på den, men det er nok ein heilt vanleg pellis. Legg gjerne igjen ein kommentar viss du har namnet. Til høgre ser du Sølvi. Den har nydelege blomster. Desverre er den berre så vidt sprunge ut no, men den klare, raude fargen er tydelig likevel.

IMG_3293 

Pusen på trappa passar på p. A happy thought, også ein flott, raud pellis. Selvfølgelig avblomstra no når eg endelig kom meg ut på fototur.

IMG_3298 

Alle desse har eg kjøpt som stiklingar av Elisabeth  tidlegare i år. Ta deg ein tur innom bloggen hennar, der finn du virkelig mykje fint når det gjeld pelargonier!

IMG_3296  IMG_2792

Til venstre er Delphinium «The pinks». Dette er den einaste av riddersporane eg bestilte som frø frå New Zealand i vår som har blomstra. Den har småflikete blad og virkar atskillig sartare enn dei andre riddersporene mine, så eg er spent på korleis den tålar vinteren.

Til høgre er ein namnlaus  riddarspore som vart sådd i fjor. Den er no avblomstra, men eg har ikkje blogga den tidlegare, og så passa det fint med to riddarsporar ved sidan av kvarandre 😉 .

Reklame

august 19, 2009 - Posted by | Hage

2 kommentarar »

  1. Nesten alle riddersporane mine var av en uforklarlig grunn avgått med døden i år 😦
    Men har sådd nye i år, så neste år har eg forhåpentligvis blomstring igjen. Ridderspora MÅ eg ha. Eg håpar egentlig at dei ikkje er so veldig frøekte, sånn at eg får ulike blåfargar 🙂
    Kor det e inn på Eid me vind i dag, her kjem det sånne sterke vindkast innimellom at det føles so vi skal blåse ta flat mark. Men heldigvis lite regn, berre ei byge no i kveld.

    Kommentar av Mariann S | august 19, 2009 | Svar

  2. Riddersporen er vel rimelig frøekte, trur eg. Dei eg har sådd har i alle fall likna morplanten.
    Ikkje sørleg vind her i kveld, heldigvis. Ellers kan her jo blåse ein del, spesielt på ettermiddagane 😦

    Kommentar av eling | august 19, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: