Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Blonder og band på Klaras veske

IMG_3352 IMG_3351

Då eg var innom Katrines Quiltestue i sommar, fekk eg ein lyndemonstrasjon i å kombinere blonder og band. På biletet til venstre er det ei smal blonde som er lagt dobbel og så har eg sydd eit band over skøyten. På høgre biletet er samme bandet lagt i sømmen mellom lukkekanten og lomma på veska.

Eg prøvde ut med og uten band på hankane før eg sydde dei på. På høgre biletet ser ein forskjellen på ein hank med og ein utan band. Ikkje tvil om at banda gjorde susen.

IMG_3453

Veska er lukka med snor, og det er fleire lommer både på utsida og innsida.

IMG_3451

Sånn vart mi utgåve av Klaras veske, etter eit mønster av Bente Malm. Pynten på midten er ei gammal beltespenne og ein rest av blonder. Det lønnar seg virkelig å ta vare på alle rester – før eller sidan finn ein eit eller anna å bruke det på

Advertisements

september 21, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 4 kommentarar