Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Klemmepunger

Neste møte i lappeklubben er det klemmepungar på plakaten. Eg har sagt meg villig å vise korleis ein gjer dette, så difor tenkte eg det kunne være greit å ha med ulike eksemplar å vise fram. Sidan det heller ikkje i går var pent veir, var det perfekt sitte-inne-å-sy veir. Eg rigga meg til på hobbyrommet i lag med dottera mi. Det er faktisk svært så hyggeleg å sitte to i lag når ein syr – sjølv om det er trangt om plassen.

IMG_3471

På biletet over er dei eg lagde ferdig i går. I tillegg har eg nokre som er delvis ferdige, slik at det er lett å vise framgangsmåten på møtet.

På biletet under er den som dottera mi laga. Symaskina hennar er ikkje så god, så det blir litt prøving og feiling for å få sømmane fine. Eg synest ho gjer ein god jobb 🙂

IMG_3476

Den rosa med Angelmerke på er sydd av ein strikka kjole som dottera mi hadde når ho var mindre. Retteleg søt vart den, og ikkje minst mjuk og god. Den har fått karabinkrok, slik at eg kan ha den hengande oppi veska mi. Greit å ha nøklane der, så finn eg dei i alle fall att oppi alt rotet nedi der….

IMG_3473

Guttungen ville ha seg mobilveske. Ikkje så veldig avansert, men absolutt funksjonell. Den er også utstyrt med karabinkrok, slik at han lett kan feste den til sekken eller i ei beltespenne.

IMG_3469

Advertisements

september 28, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 4 kommentarar