Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Fortsatt liv i hagen

IMG_3478

Staudesolsikkene gjev blaffen i både vind og regn og struttar med dei gule blomstrane sine. Denne blomstrar lenge, og er litt av eit syn no i slutten av hagesesongen. Den er minst 1,7 meter høg.

IMG_3479

Rosene likar nok ikkje regnet, men desse står delvis under tak, så dei ser flotte ut likevel.

IMG_3481

Planta ein Clematis «Princess Diana» i fjor. I vår såg den daud ut, så eg hadde vel avskrive den for i år. Så dukka det opp nokre klematisspirer utpå sommaren, og gjett om eg vart glad for å sjå prinsessa igjen. No har den flotte knoppar, og viss frosten held seg unna litt til blomstrar den snart. Problemet no er at desse knoppane neppe tilhøyrer C. «Princess Diana», skal tru kva dette kan være slags klematis??

I skrivande stund ser eg at det snør heilt ned i 400 meters høgde, så det spørs om ikkje frosten kjem til å ta knekken på knoppane før dei spring ut 😦

IMG_3485

Oktoberhjelmen er eit flott syn no.

IMG_3487

Hugsar ikkje heilt kva dette er, men på grunn av det mørke bladverket er den dekorativ heile sommaren, sjølv om den ikkje blomstrar før no.

Krepsemor har vore så snill å legge igjen kommentar om namnet på denne, og det er altså Cimicifuga racemosa Atropurpurea, eller Klaseormedrue på norsk 🙂

IMG_3477

Tja…kva er no dette??? Det er vel eit bevis på at komposten min ikkje har heilt optimale forhold. Då eg åpna loket på varmkomposten i dag, vaks denne artige soppen på toppen 🙂

Reklame

september 30, 2009 Posted by | Hage | 6 kommentarar