Fortsatt liv i hagen
Staudesolsikkene gjev blaffen i både vind og regn og struttar med dei gule blomstrane sine. Denne blomstrar lenge, og er litt av eit syn no i slutten av hagesesongen. Den er minst 1,7 meter høg.
Rosene likar nok ikkje regnet, men desse står delvis under tak, så dei ser flotte ut likevel.
Planta ein Clematis «Princess Diana» i fjor. I vår såg den daud ut, så eg hadde vel avskrive den for i år. Så dukka det opp nokre klematisspirer utpå sommaren, og gjett om eg vart glad for å sjå prinsessa igjen. No har den flotte knoppar, og viss frosten held seg unna litt til blomstrar den snart. Problemet no er at desse knoppane neppe tilhøyrer C. «Princess Diana», skal tru kva dette kan være slags klematis??
I skrivande stund ser eg at det snør heilt ned i 400 meters høgde, så det spørs om ikkje frosten kjem til å ta knekken på knoppane før dei spring ut 😦
Oktoberhjelmen er eit flott syn no.
Hugsar ikkje heilt kva dette er, men på grunn av det mørke bladverket er den dekorativ heile sommaren, sjølv om den ikkje blomstrar før no.
Krepsemor har vore så snill å legge igjen kommentar om namnet på denne, og det er altså Cimicifuga racemosa Atropurpurea, eller Klaseormedrue på norsk 🙂
Tja…kva er no dette??? Det er vel eit bevis på at komposten min ikkje har heilt optimale forhold. Då eg åpna loket på varmkomposten i dag, vaks denne artige soppen på toppen 🙂
Hei!
Bilde nr 5 er Racemosa atopurpurea, klaseormdrue! Jeg har sådd denne, men hittil har det ikke kommet noen spirer! Jeg har tenkt å prøve igjen i år! Kanksje jeg prøver i kjøleskapet! Fine bilder av flotte planter i hagen din ;o)
Beklager, her sneik det seg inn en feil. Viktig at det latinske navnet er riktig: Cimicifuga racemosa Atropurpurea skal det være, men det norske navnet er jo riktig da!
Takk for det, Krepsemor!
Eg er så dårleg på å hugse namn, så det er veldig kjekt med litt hjelp. Når eg får skrive inn namnet her i bloggen, er det lett å leite det fram igjen ved seinare høve 🙂
Klematisen din kan godt være Prinsessen. Jeg har den også og knoppene på min så slik ut. Dessverre er den en rådyrfavoritt…
Å, kor nydelig den staudesolsikka di var då 🙂
Det vart plutselig ein ønskeplante 😀
Takk for titten inn i din høsthage. Flotte bilder og kjekt å bli presentert for litt andre haustblomer enn eg har i min hage !