Flott jente, ikkje sant 😉 .
Å sladde eit fjes slik at det blir pent, er slett ikkje enkelt. Teikning har, som dåkke ser aldri vore mi sterke side. Her er det ikkje teikneferdighetane mine som skal visast, men den nye hua. Det er denne hua frå Drops som er ferdig. Den er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Eit utruleg deilig og mjukt garn. Lua har massevis av flettingar, så det tok si tid å strikke den. Skal strikke hanskane som høyrer til, men både eg og butikken var tom for akkurat den fargen. Derimot hadde butikken ein lekker lilla farge i samme garn, så no er eg i gang med eit par lilla hanskar – og dei må vel ha ei lilla hue til, eller? Joda, det er snart advent, så det passar fint med lilla 🙂
GOD HELG, FOLKENS!
Award og utfordringar i fleng
Eg har fått utfordringar i fleng i det siste. 3 av utfordringane har eg fått her på bloggen, og den første er frå Suffeldyret
Utfordring nr 1:
Utfordrer 5 personer och berättadet för dem samt personen som utmanat dig. Varje svar måste börja med första bokstaven i ditt namn. Alla svar måste vara riktiga, hitta inte på ord. Om personen som utmanade dig har ett namn som börjar med samma bokstav som ditt, får du inte ge samma svar som han/hon gjort. Du fårheller inte skriva samma svar 2 ggr.eller skriva ditt namn som svar(förutom fråga
1). 1. Vad heter du: Elin
2.Ett ord på 4 bokstäver: Eple
3. Flicknamn: Emma
4. Pojknamn: Even
5. Yrke: Elektriker
6. Färg: Elfenbeinskvit (er det noko som heiter det??)
7. Klädesplagg: Elastiske strømper
8. Mat: Eplekake
9. Sak i badrummet: Elfa trådkorger
10. Plats/Stad: Elverum
11. En orsak att vara sen: Eplebit i halsen
12. Något man skriker: Ekling!
13. Film: En shopoholikers bekjennelse
14. Något man dricker: Eplejuice
15. Band: Eminem
16. Djur: Elefant
17. Gatunamn: E.C.Dahls gate
18. Bil: El-bil
19. Sång: Engler i sne.
Her sendast utfordringa vidare til MariannS, Krepsemor, Lena, Hallingjenta og Strikkemoro
Utfordring nr 2:
Denne har eg fått frå MariannS og Krepsemor
Sokkar igjen
Det har gått i sokkestrikking for tida og her er det foreløpig siste paret. Det er strikka i Sterk frå Du store alpakka. Har du lyst å lage eit par slike, kan du få tak i boka med mønster hjå forfattaren sjølv. Eg fann mi bok hjå den lokale garnforhandlaren, så det er sikkert mulig å finne den fleire plassar.
No har eg gått over til luestrikking. Sjekk her, var ikkje denne hua kul? Har begynt å strikke den i garnet Sterk. Har for lite garn til å strikke hanskane også, så det spørs om eg finn tak i meir garn i rett farge. Det var så mykje fletting i lua, at den sikkert ikkje blir ferdig før luesesongen er over 😉
Gjenbruk er kjekt
I går hadde eg eit godt innfall av kreativitet, og då er det jammen kjekt å sy. Tida går innmari fort, og for min del kan i grunn verden segle sin eigen sjø……
I lengre tid har denne gensaren lagt på hobbyrommet. Den var i sin tid favorittgensaren min, så eg klarte aldri kaste den. Eg vart ståande å sjå litt på den i går, og så ruska eg litt rundt nedi skuffene mine, og der hadde eg jammen eit par bambushandtak – og vips, så var eg i gang……
…..og etter nokre timar var gensaren blitt til ei artig lita veske 🙂 . Ei lita niese som hadde bursdag fekk den i presang, eg kan tenke meg at den kan være akkurat passelig til alle sånne små dippeduttar som ei lita snuppe har med seg på tur.
Anhenget har eg hatt liggande lenge, i påvente av det rette prosjektet. Tanken var å hekte det rett på veska, men det vart alt for tungt for den vesle veska. Ved hjelp av ei lita tang fekk eg benda ut metallet og plukka av dei lettaste delane, og då vart det igrunn heilt perfekt.
For øvrig er det sok frå skyfri himmel i dag – svært sjeldant syn for tida!
GOD HELG!
Spiralsokkar
Har visst fått meg ei ny dille, og det er sokkar det går i for tida.
Dette er Ronilles spiralsokkar strikka i Sterk , eit mjukt og deilig garn frå Du store alpakka.