Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Romjulsblogging

Då er julaftan vel overstått. Dersom vi legg godviljen til kan vi vel seie at det vart ei kvit jul i år. Eit par cm snø som hadde lagt i nokre dagar må vel kunne kallast kvit jul? I dagane etter julaftan har det virkelig snøa, så no er både snømåkene og julestemninga her i fullt monn 🙂

Denne mappa sydde eg for ei tid tilbake. Det var julegåve, så den kunne ikkje bloggast før. Det er ei mappe til «brukarutstyret» til ein diabetikar.  Derfor er lomma og strikken på innsida tilpassa utstyret som skal være inni. Fargane er nok litt annleis enn dei eg vanlegvis velger, men sidan mottakaren er ein mann, er han sikkert glad for å sleppe blonder og  romantiske blomsterstoff.

For meg som stort sett syr ved hjelp av mønster vart dette ei skikkelig utfordring. Der var ingenting i blada eller bøkene mine som likna på dette, så her måtte eg finne ut av ting sjølv. Den største utfordringa var glidelåsen, men etter litt prøving og feiling vart den bra til slutt.

 

Quiltinga på mappa er inspirert av Denne boka av Nan Moore. Der var massevis av nye måtar å frihandsquilte på. NLQ har nettopp kjøpt inn boka til sitt bibliotek, slik at medlemmene kan låne den der.

desember 28, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 3 kommentarar

God jul!

Denne løparen laga eg på eit kurs i lappeklubben for nokre veker sidan. Det er Randi Røys som har laga mønsteret til denne  flotte løparen .

God jul til alle dåkke som har tatt turen innom her!

desember 23, 2009 Posted by | Lappeteknikk | 8 kommentarar

Hallo!

Jada, eg er her 🙂

Kjekt å sjå at sjølv om eg ikkje er her og bloggar, så er det folk innom her dagleg likevel. No er det så lenge sidan sist innlegg at det er nesten litt flaut, men no lovar eg å skjerpe meg.

Det har vore ein periode med lite sying, men så tok eg meg på tak og sydde denne toalettveska med golfmotiv. Mønsteret er henta frå Hanne Asplin Firman si bok Lappesprell og quiltestreker.  Toalettveska skal nyttast av ein mann, og då har eg faktisk ikkje så mykje stoff å velge mellom. Det er mykje blomster og sarte rosa fargar i sortimentet mitt, så her fekk eg ei lita utfordring når eg skulle finne stoff.

Golfstoffet er bestilt frå ein amerikansk nettbutikk, men eg hugsar desverre ikkje kva for ein. Det brune stoffet er frå ei selskapsjakke eg kjøpte for mange år sidan, men som nesten ikkje har blitt brukt. Her passa det faktisk veldig bra

Quiltinga i kvar rute skal liksom forestille golfballen som snurrar rundt  holet før  den rullar nedi.

Eg kjem snart tilbake med meir sysaker 😉

 

desember 15, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 4 kommentarar