Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Hallo!

Jada, eg er her 🙂

Kjekt å sjå at sjølv om eg ikkje er her og bloggar, så er det folk innom her dagleg likevel. No er det så lenge sidan sist innlegg at det er nesten litt flaut, men no lovar eg å skjerpe meg.

Det har vore ein periode med lite sying, men så tok eg meg på tak og sydde denne toalettveska med golfmotiv. Mønsteret er henta frå Hanne Asplin Firman si bok Lappesprell og quiltestreker.  Toalettveska skal nyttast av ein mann, og då har eg faktisk ikkje så mykje stoff å velge mellom. Det er mykje blomster og sarte rosa fargar i sortimentet mitt, så her fekk eg ei lita utfordring når eg skulle finne stoff.

Golfstoffet er bestilt frå ein amerikansk nettbutikk, men eg hugsar desverre ikkje kva for ein. Det brune stoffet er frå ei selskapsjakke eg kjøpte for mange år sidan, men som nesten ikkje har blitt brukt. Her passa det faktisk veldig bra

Quiltinga i kvar rute skal liksom forestille golfballen som snurrar rundt  holet før  den rullar nedi.

Eg kjem snart tilbake med meir sysaker 😉

 

Reklame

desember 15, 2009 - Posted by | Lappeteknikk, Søm

4 kommentarar »

  1. I disse Tiger Woods tider…..
    Va no stilig då:)

    Kommentar av Roy | desember 15, 2009 | Svar

  2. Neimen hei på deg Elin 🙂 Kjekt å «sjå» deg igjen då. Kul toalettveske ditta. Eg har strikka til det omtrent har gått varmgang i pinnane mine siste vekene, massevis av julegåver. Det er lite av det som er blogga endå, må vente til etter julafta 😉

    Kommentar av Mariann S | desember 15, 2009 | Svar

  3. Meget fin toilettaske til en herre, golfstoffet er vældig fint her i den flotte farve sammensætning, du og din familie må have en rigtig god jul og et godt nytår.

    Kommentar av Anni | desember 19, 2009 | Svar

  4. WOW denne var kjempe fin. Nydelig fargevalg – ….
    koselig blogg du har. Ønsker deg en fin helg :0)

    Kommentar av Grethe | desember 19, 2009 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: