Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Romjulsblogging

Då er julaftan vel overstått. Dersom vi legg godviljen til kan vi vel seie at det vart ei kvit jul i år. Eit par cm snø som hadde lagt i nokre dagar må vel kunne kallast kvit jul? I dagane etter julaftan har det virkelig snøa, så no er både snømåkene og julestemninga her i fullt monn 🙂

Denne mappa sydde eg for ei tid tilbake. Det var julegåve, så den kunne ikkje bloggast før. Det er ei mappe til «brukarutstyret» til ein diabetikar.  Derfor er lomma og strikken på innsida tilpassa utstyret som skal være inni. Fargane er nok litt annleis enn dei eg vanlegvis velger, men sidan mottakaren er ein mann, er han sikkert glad for å sleppe blonder og  romantiske blomsterstoff.

For meg som stort sett syr ved hjelp av mønster vart dette ei skikkelig utfordring. Der var ingenting i blada eller bøkene mine som likna på dette, så her måtte eg finne ut av ting sjølv. Den største utfordringa var glidelåsen, men etter litt prøving og feiling vart den bra til slutt.

 

Quiltinga på mappa er inspirert av Denne boka av Nan Moore. Der var massevis av nye måtar å frihandsquilte på. NLQ har nettopp kjøpt inn boka til sitt bibliotek, slik at medlemmene kan låne den der.

desember 28, 2009 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 3 kommentarar