Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Golfvesker

Eg kjenner ei dame som er ihuga golfspelar. Ho likte så godt klemmepungane som eg laga med golfmotiv i haust at eg fekk bestilling på fleire små vesker som kunne brukast til gåver og premier til andre golfarar.

Resultatet er desse 6 golfveskene. Dei er ca 10×15 cm store, og har ein liten ring i sida, slik at den kan hektast på golfbagen.

Dei er falda i botnen, slik at veska opplevast som relativt romsleg,  sjølv om den er liten.  Dei var i grunn såpass snertne at eg trur nok det vert fleire slike vesker. Det finnast alltid noko ein kan bruke slike til.

Reklame

januar 31, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Søm | 8 kommentarar

Kurs med Pelse Asboe

På impuls meldte eg meg på kurs med Pelse Asboe i regi av lappeklubben denne helga. Det vart eit fantastisk, kreativt og lærerikt kurs!

Ved hjelp av stoppefoten på symaskina og diverse dekortråd skulle vi trylle fram fantastiske effektar. Pelse demonstrerte den eine teknikken etter den andre, medan vi stod som tente lys og nesten måpte over kreativiteten hennar. Det var ikkje måte på kva den dama fekk ut av trådane sine!

Under her kan dåkke sjå noko av det vi fekk lære.

Bokstavane skal brukast til  å lage eit navneskilt. Skiletet får eg komme tilbake til når det er ferdig sydd.

På biletetet over har eg brukt gulltråd  og ein tom kaviartube. Om du klipper opp kaviartuba, så er den gullfarga inni, og ved hjelp av denne kan ein trylle fram mange ulike effektar.

Det siste vi øvde oss på var å sy på bilder. 

Dette er mine håpefulle små, frå den tida dei faktisk var små .  Søte, ikkje sant?

januar 24, 2010 Posted by | Lappeteknikk | 6 kommentarar

Claudiahue

I kuldeperioden vi hadde for litt sidan meldte behovet for gode huer seg for heile familien. I utgangspunktet skulle det bli ei hue til far i huset, men når eg fulgte oppskrifta, så vart den for lita til han. Guttungen var svært fornøygd med det, for han likte hua, og i tillegg gjekk det an å ha den under hjelmen når han syklar. Dermed hadde han forbarma seg over den litt for små hua. Då var det berre å setje seg til å rekne for å finne ut kor mange masker eg måtte legge opp for å få ei større hue, så far ikkje skulle fryse på øyra.

Ein flettekant nederst erstattar den tradisjonelle vrangborda. på lua

Fellinga dannar eit stilig spiralmønster på toppen av hua.

Eg har strikka i Sterk frå Du store alpakka, eit deilig, mjukt alpakkagarn som ikkje klør.

Om du er medlem på Ravelry, finn du mønsteret her.

januar 19, 2010 Posted by | Strikking | 4 kommentarar

Sysøndag

Alt klart for ein kosedag på hobbyrommet. Polka Dot girls i symaskina, Radio Norge på radioen og rykande varm kaffi….det er hærlig det 🙂

Eg har hatt teppet liggande i ei hylle i over eit halvt år, fordi eg ikkje kunne klare å komme i gang med quiltinga. Eg tok det med meg på maratonlaurdagen til lappeklubben. Der fekk eg tråkla det ferdig, og diskutert quiltinga med dei andre damene. Fekk tips om å sjekke www.sy.no for å finne tips til quiltinga. Merete Ellingsen har Quilta massevis av flotte arbeid som kan sjåast på denne sida. Spesielt likte eg ein av måtane ho hadde quilta fleire av teppene på. Du kan sjå den blandt anna på  dette biletet.

Først litt prøveskribling på eit ark, slik at eg har ei viss peiling på kva eg har tenkt å gjere.

Så litt testing på ein prøvelapp, som dåkke ser har det blitt testa både det eine og det andre på denne lappen. Ingen grunn til å sløse med ressursane 😉

Etter mange timar ved maskina er eg ferdig med alle hjertene og blomstrane. Neste trinn no blir å quilte stitcherya, så lukkekant og så er det ferdig 🙂 . Mange timar trivelig arbeide, men jammen er det deilig når det nærmar seg slutten på eit slikt kjempeprosjekt.

januar 17, 2010 Posted by | Lappeteknikk, Polka Dot Girls, Søm | 8 kommentarar

Hello kitty pulsvarmarar

Var ikkje desse Hello Kitty pulsvarmarane søte? Desse er eit resultat av Lille rosin sin kalender for 2010 på Hobbyboden. Eg fekk eit tips frå MariannS om desse søte sakene, og då kunne eg rett og slett ikkje motstå fristelsen til å melde meg på kalenderen. Lett påvirkelig? Eg, nei…. Eh…eg ser forresten at Mariann har lagt ut mønster på piratpulsvarmarar…….

Pulsvarmarane er strikka av restegarn. Det rosa er Toppull frå Sandnes garn. Resten av garnet var smårestar utan namn, så eg veit ikkje kva garn det er. Kjekt med slike søte små prosjekt der ein kan kvitte seg med litt av garnlageret. No er ikkje eg av dei som har størst garnlager, men eg slit med å kaste små restar, så det lageret eg har består av mykje smårestar som eg ikkje heilt veit korleis eg skal bruke.

januar 9, 2010 Posted by | Handarbeid, Lille Rosin sin kalender2010, Strikking | 7 kommentarar

Romjulsstrikk

Hua på biletet er strikka etter samme mønster som denne hua frå Drops design. Hanskane tilhøyrer lua. Hua har ei kjempefin passform, og er utruleg god å ha på seg. Alt  er strikka i Sterk fra Du store alpakka. Garnet er mjukt og godt å strikke i, og det er kjempedeilig å ha på seg. Varmt og godt, uten å klø.

Lua er i grunn kul sett ovanifrå også.

Detaljer frå lua.

Hanskane tok såpass mykje tid å strikke at eg var lei etter å ha strikka eit par. Då eg strikka den raude lua var planen at eg skulle strikke hanskane som høyrer til, men eg mangla garn. I mellomtida strikka eg dette lilla settet. Når eg fekk kjøpt garn til hanskane var eg såpass lei av flettingar at eg  i staden strikka hanskane på biletet under.

Mønsteret til desse er også henta frå Drops design. Alle fingrane utanom tommelen er uten tupp. I staden er det strikka ei «hette» som kan vippast over fingrane ved behov.

Dei ser i grunn litt kokko ut, men dei var faktisk gode å ha på seg.

I tuppen av hetta er det laga ei lita hempe, slik at hetta kan festast til ein knapp oppe på skaftet av hansken.

januar 3, 2010 Posted by | Strikking | 5 kommentarar