Eling’s hage og hobbyblogg

Lappeteknikk og hagesyslar

Romjulsstrikk

Hua på biletet er strikka etter samme mønster som denne hua frå Drops design. Hanskane tilhøyrer lua. Hua har ei kjempefin passform, og er utruleg god å ha på seg. Alt  er strikka i Sterk fra Du store alpakka. Garnet er mjukt og godt å strikke i, og det er kjempedeilig å ha på seg. Varmt og godt, uten å klø.

Lua er i grunn kul sett ovanifrå også.

Detaljer frå lua.

Hanskane tok såpass mykje tid å strikke at eg var lei etter å ha strikka eit par. Då eg strikka den raude lua var planen at eg skulle strikke hanskane som høyrer til, men eg mangla garn. I mellomtida strikka eg dette lilla settet. Når eg fekk kjøpt garn til hanskane var eg såpass lei av flettingar at eg  i staden strikka hanskane på biletet under.

Mønsteret til desse er også henta frå Drops design. Alle fingrane utanom tommelen er uten tupp. I staden er det strikka ei «hette» som kan vippast over fingrane ved behov.

Dei ser i grunn litt kokko ut, men dei var faktisk gode å ha på seg.

I tuppen av hetta er det laga ei lita hempe, slik at hetta kan festast til ein knapp oppe på skaftet av hansken.

Reklame

januar 3, 2010 - Posted by | Strikking

5 kommentarar »

  1. Du har jammen vore flittig i jula! Veldig fine hanskar, og den tråden frå DSA er nok veldig god, har strikka av den tynne alpakkaen og det er ein fin tråd også.

    Kommentar av Juliann | januar 4, 2010 | Svar

  2. Å så flott! Nydelig lillafarge!

    Kommentar av Beatemora | januar 4, 2010 | Svar

  3. Likte den lilla hua gitt, kanskje eg skal strikke meg ei sånn.
    Har tusen idear no og mange jern i ilden 😉
    Er skikkelig strikkehekta for tida.
    Stikk innom hobbykroken min og sjå dei siste pulsvantane eg har strikka. Piå mi var skikkelig fornøgde med dei.

    Kommentar av Mariann S | januar 5, 2010 | Svar

  4. Den linken til forrige innlegg vart litt feil gitt, og rett må det vere 😉

    Kommentar av Mariann S | januar 5, 2010 | Svar

  5. for en flott lue, og hansker også!! Likte virkelig godt patenten på de røde, praktisk, iallfall for mobilskrivende og bak-kamera mammaer (eller pappaer) f.eks.

    Ha en flott ehlg videre!

    Kommentar av rigmor | januar 9, 2010 | Svar


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: