Hello kitty pulsvarmarar
Var ikkje desse Hello Kitty pulsvarmarane søte? Desse er eit resultat av Lille rosin sin kalender for 2010 på Hobbyboden. Eg fekk eit tips frå MariannS om desse søte sakene, og då kunne eg rett og slett ikkje motstå fristelsen til å melde meg på kalenderen. Lett påvirkelig? Eg, nei…. Eh…eg ser forresten at Mariann har lagt ut mønster på piratpulsvarmarar…….
Pulsvarmarane er strikka av restegarn. Det rosa er Toppull frå Sandnes garn. Resten av garnet var smårestar utan namn, så eg veit ikkje kva garn det er. Kjekt med slike søte små prosjekt der ein kan kvitte seg med litt av garnlageret. No er ikkje eg av dei som har størst garnlager, men eg slit med å kaste små restar, så det lageret eg har består av mykje smårestar som eg ikkje heilt veit korleis eg skal bruke.