Kurs med Pelse Asboe
På impuls meldte eg meg på kurs med Pelse Asboe i regi av lappeklubben denne helga. Det vart eit fantastisk, kreativt og lærerikt kurs!
Ved hjelp av stoppefoten på symaskina og diverse dekortråd skulle vi trylle fram fantastiske effektar. Pelse demonstrerte den eine teknikken etter den andre, medan vi stod som tente lys og nesten måpte over kreativiteten hennar. Det var ikkje måte på kva den dama fekk ut av trådane sine!
Under her kan dåkke sjå noko av det vi fekk lære.
Bokstavane skal brukast til å lage eit navneskilt. Skiletet får eg komme tilbake til når det er ferdig sydd.
På biletetet over har eg brukt gulltråd og ein tom kaviartube. Om du klipper opp kaviartuba, så er den gullfarga inni, og ved hjelp av denne kan ein trylle fram mange ulike effektar.
Det siste vi øvde oss på var å sy på bilder.
Dette er mine håpefulle små, frå den tida dei faktisk var små . Søte, ikkje sant?
Fy flate kor flott då Elin 🙂
Sånn fikk eg lyst å lære også 🙂
Ha ei fin veke.
Mange flotte effekter du får på denne måten, det er alltid kjekt med inspirasjon! Ellers ser jeg du har både sydd og strikket masse fint 🙂
Du har virkelig taket på å sy med frihånd må jeg si, nydelig bilde.
Fine billeder.
Det var en rigtig koselig helg i Nordfjord.
Absolutt eit flott kurs! Håpar ikkje det blir lenge til du kjem tilbake og held nye kurs!
[…] Mine søte små sydde eg på eit kurs som eg var på i vår. […]
Tilbakeping av Mine søte små « Eling’s hage og hobbyblogg | november 19, 2010 |