Golfvesker
Eg kjenner ei dame som er ihuga golfspelar. Ho likte så godt klemmepungane som eg laga med golfmotiv i haust at eg fekk bestilling på fleire små vesker som kunne brukast til gåver og premier til andre golfarar.
Resultatet er desse 6 golfveskene. Dei er ca 10×15 cm store, og har ein liten ring i sida, slik at den kan hektast på golfbagen.
Dei er falda i botnen, slik at veska opplevast som relativt romsleg, sjølv om den er liten. Dei var i grunn såpass snertne at eg trur nok det vert fleire slike vesker. Det finnast alltid noko ein kan bruke slike til.