Deilige meisesokkar
I det siste har eg strikka ullsokkar på pinne 2,5. Det har tatt litt lenger tid enn det brukar å gjere når eg strikkar ullsokkar, men det var vel verdt arbeidet!
Garnet heiter Wollmeise, og kjem frå denne butikken i Tyskland.Det er ikkje enkelt å få tak på garnet, og det er i grunn ganske så dyrt. Nettbutikken blir oppdatert fredag morgon og dei fleste laurdag ettermiddagar, og då gjeld det å sitje klar med pc’en og vente, for det er gjerne utsolgt på fem minutt.
Grunnen til at eg likevel gidd å jakte på garnet er at det er utruleg deilig å strikke med. Det kjennast ut som bommull, men det er ull. Garnet er naturfarga og det har klare og flotte fargar. Eg held på å lage meg eit lite garnlager, slik at eg har litt ulikt å velge i til massevis av prosjekt som står i kø her. Flette og holmønster kjem like klart og fint fram som om ein skulle strikka med bommullsgarn. Eg har funne oppskrifter på massevis av lekre sokkar strikka i dette garnet. For dei som er på Ravelry finst der masse lekkert om ein søkjer på Wollmeise .
Dette biletet skulle liksom vise at sokkane er strikka med forsterka hel, men det visest visst ikkje så godt.
Mønsteret på sokkane heiter Wenche og er henta frå heftet Mauds hjerte som Ellinor Kvammen (Ronille) gav ut i fjor.
Eller skin sola her fortsatt, og det er nyyydelig vinterveir! Ha ein fortsatt fin søndag!
SOL!!!
I dag kom sola for første gong i år!
Etter 3 mnd uten sol, er det jammen deilig når den bikkar over fjelltoppen her 🙂 .
Trekantpunger
Her er første bidraget til februar månad i Lille Rosin sin kalender for 2010. Det var fleire oppgåver å velje mellom, og eg har bestemt meg for å lage trekantpungar og ei hekla korg. Korga har eg ikkje begynt på enno, det får bli tv-kikke-prosjekt.
Eg har berre nytta stoff frå restekorga mi. Blomstrane har eg klipt ut av eit stoff og stroke på med vlieselin, og deretter quilta rundt kantane på dei med stoppefoten. Når pungane var ferdige, tykte eg dei var litt kjedelige. Boksen med perler vart leita fram, og det gjorde virkelig susen.
Om du studerer detaljbiletet under, ser du at den eine pungen er quilta små blomster på. Ikkje heilt lett å sjå, sidan tråden eg har brukt er nesten samme farge som stoffet.
Polka Dot Girls er ferdig
Næh, for eit koselig kjøkkenbord!! Og kven er den heldige eigar? Jepp, dette er mitt 🙂
Det blir ikkje ofte vi et middag med denne duken under.
Eit par nærbilder av stritcherya i quilten.
Og sånn ser det ut når det heng. Der er opphengskanalar på baksida, slik at det kan henge på ei gardinstang. Foreløpig har eg ingen vegg som er stor nok.
Det har vore litt av eit arbeid å lage denne quilten, men jammen har eg hatt mange trivelige timar undervegs. Nokon har lurt på om eg veit kor mange timar eg har brukt på dette, men det anar eg ikkje.
Om du klikkar på kategorien Polka Dot Girls til høgre i bloggen, finn du alle tidlegare innlegg om dette teppet.
Internasjonal quilt
For nokre år sidan var familien klar til å reise til Italia, då mor kjem på at ho ikkje har noko å henge fingrane i på turen. Sånt går jo ikkje – det ville blitt en dårlig tur 😉 . Eg ila opp på hobbyrommet og begynte å rote rundt i restekassa mi etter smårester som eg kutta i passelige små bitar, og skar opp massevis av små sekskantar i papp.
Trur dette må være snart 5 år sidan Italiaturen. Sidan har pappbitane og stoffrestar med nokonlunde høvelig farge fulgt meg på ferieturar. Om ikkje eg tek heilt feil har eg hatt det med meg til Italia – Frankrike x 2 – Sverige x 2 og selvfølgelig i Norge. I tillegg er dei fleste sekskantane i midten av blomstrane klipt av eit stoff eg kjøpte i Danmark.
Omsider er duken ferdig, for det vart ein duk til slutt. Det var slett ingen selvfølge då eg starta. Det kunne likså godt ha blitt ein liten løpar, eller eit par spisebrikker.
Her er alt sydd for hand. Eg var litt usikker på korleis eg skulle sy saman dei ulike laga. Til slutt kom eg fram til at det var best å legge topp, vatt og bakstykke på kvarandre i rett rekkefølge og brette inn kantane medan eg sydde inn sømrommet for hand. Eg vurderte å vrangsy det, men då trur eg ikkje alle hjørna hadde blitt like fine.
Til slutt vart alle «blomstrane», dvs dei mest rosa sekskantane quilta for hand.
Det gjer seg med litt ekstra fristelsar på toppen 🙂